Miguel de Cervantes Saavedra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Miguel Cervantes)
Miguel de Cervantes Saavedra

Cervantes måla av Juan de Jáuregui (1583-1641).
Statsborgarskap Kongemakta Castilla
Fødd ca. 29. september 1547
Alcalá de Henares
Død

22. april 1616 (68 år)
Madrid

Yrke romanforfattar, skodespelforfattar, lyrikar, songtekstforfattar, soldat, skribent, rekneskapsførar, Tollar
Språk mellomspansk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Rodrigo de Cervantes
Mor Leonor de Cortinas
Ektefelle Catalina de Salazar y Palacios
Partnar Ana de Villafranca y Rojas
Miguel de Cervantes Saavedra på Commons

Miguel de Cervantes Saavedra (29. september 154722. april 1616) var ein spansk forfattar, best kjend for verket Don Quixote, som mange reknar som den første moderne romanen. Cervantes skreiv også dikt, skodespel og andre roman, og verka hans er rekna blant dei viktigaste i verdslitteraturen.

Cervantes blei fødd i Alcalá de Henares, 35 km aust for Madrid. Far hans var lege og familien levde eit omflakkande liv som er dårleg kjend av ettertida. Før 1570 hadde Cervantes gått inn i den spanske hæren, stasjonert i Napoli, og blei såra i slaget ved Lepanto i 1571. Cervantes var infanterist fram til 1575, då han blei fanga av sjørøvarar og halde i fangenskap i Algier i fem år.

I 1584 gifta Cervantes seg med Catalina de Salazar y Palacios i Toledo. Året etter gav han ut den første romanen sin, La Galatea, som fekk ei grei mottaking, utan at ho blei nokon stor suksess. Samstundes skreiv han skodespel som blei spelte i Madrid. Bortsett frå El trato de Argel, som handla om kristne slavar i Algiers, og El cerco de Numancia, er desse stykka gått tapte.


Dei neste tjue åra reiste Cervantes rundt i Spania som proviantør for den spanske armadaen og seinare som skatteoppkrevar. Han hadde pengeproblem som førte til at han gjekk konkurs ein gong og blei fengsla minst to gonger (i 1597 og 1602) for bokføring som ikkje stemde. Frå 1596 til 1600 budde Cervantes hovudsakleg i Sevilla. I 1605, då han var i Valladolid, gav han ut førstedelen av Don Quixote. Dette verket var nyskapande i det at det brukte vanleg daglegtale i ei litterær ramme, og blei godt likt også internasjonalt.

I 1606/7 slo Miguel de Cervantes seg ned i Madrid, der han blei buande til han døydde. I dei siste ni åra av livet sitt bygde han seg ein sterk posisjon som ein respektert forfattar, med Novelas ejemplares i 1613, Viaje del Parnaso i 1614, og Ocho comedias y ocho entremeses og den andre og siste delen av Don Quixote i 1615.

Dagen Cervantes skal ha døydd, 23. april, er også dødsdatoen til Shakespeare (sjølv om dei ikkje døydde same dagen, ettersom England framleis følgde den gamle julianske kalenderen på denne tida). Samantreffet har gjort denne datoen til den internasjonale bokdagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Miguel de Cervantes Saavedra
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.