Miguel Indurain
Miguel Indurain | |
![]() | |
Fødd | 16. juli 1964 (56 år) Villava |
Yrke | sykkelryttar |
Miguel Indurain på Commons |
Miguel Ángel Indurain Larraya (fødd 16. juli 1964) er ein tidlegare spansk syklist som vert rekna for ein av dei beste syklistane i historia.
Frå 1991 til 1995 vann Miguel Indurain Tour de France fem gongar på rad, noko ingen andre hadde greidd før. I 1992 og 1993 vann Indurain dessutan etapperittet Giro d'Italia. I 1994 sette han verdsrekord i 1 times sykling ved å leggje bak seg 53,040 kilometer.
I 1996 forsøkte Indurain å vinne Tour de France for sjette gongen, men måtte då sjå seg slått av den danske syklisten Bjarne Riis, som seinare har medgjeve at han brukte doping for å kome til topps. Under dei olympiske leikane i Atlanta same år, tok Indurain gull i temporittet. Etter denne OL-sigeren la Indurain opp som syklist.
Seinare har Lance Armstrong slått Indurains rekord ved å vinne Tour de France sju gongar, frå og med 1999 til og med 2005.
Høgdepunkt i karrieren[endre | endre wikiteksten]
- Tour de France
- 1987: 97.plass
- 1988: 47.plass
- 1989: 17.plass
- 1990: 10.plass
- 1991:
1.plass
- 1992:
1.plass
- 1993:
1.plass
- 1994:
1.plass
- 1995:
1.plass
- 1996: 11.plass
- Giro d'Italia
- 1992:
1.plass
- 1993:
1.plass
- 1994: 3.plass
- Vuelta a España
- 1985: 84.plass
- 1986: 92.plass
- 1987: Braut
- 1988: Braut
- 1989: Braut
- 1990: 7.plass
- 1991: 2.plass
- 1996: Braut