Mihai Eminescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mihai Eminescu
Eminescu.jpg
Verkeleg namn Mihail Eminovici
Fødd 15. januar 1850
Botoșani
Død

15. juni 1889
București

Yrke skodespelar, prosaforfatter, journalist, bibliotekar, essayist, skribent, lyrikar, politikar
Sjanger dikt
Mihai Eminescu på Commons

Mihai Eminescu (fødd 15. januar 1850 i Botoşani ved Czernowitz; død 15. juni 1889 i Bucureşti, daud 15. juni 1889 i Bucureşti) var ein seinromantisk diktar, som vert rekna for å vere den rumenske nasjonalskalden. Mellom dei mest kjende dikta hans er «Luceafărul» ('Kveldsstjerna'), «Mai am un singur dor» ('Eg har eit enkelt ynskje att'), og fem Scrisori ('Epistlar').

Eminescu var aktiv i den litterære forreiniga Junimea, han var eit framståande medlem i det rumenske konservative partiet, og journalist i Timpul.

«Mihail» er ei meir arkaisk form av «Mihai», som er den rumenske forma av «Michael». Begge formene var i bruk i levetida til Eminescu, og han brukte også sjølv begge formene, men i Romania i dag vert han vanlegvis omtala som «Mihai Eminescu».

Far hans heitte Gheorghe Eminovici og var frå Călineşti, ein landsby som då låg i den austerrikske provinsen Bukowina. Han reiste over grensa til Moldovia og slo seg ned i nærleiken av byen Botoşani og han gifte seg med Raluca Iurăscu som kom frå ein gammal moldovisk adelsfamilie.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mihai Eminescu
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.