Mikaël Silvestre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikaël Silvestre


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. august 1977 (46 år)
Chambray-lès-Tours
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, VM i fotball 2002, EM i fotball 2004

Mikaël Samy Silvestre (fødd 9. august 1977) er ein fransk tidlegare fotballspelar som er kjend for sine suksessrike sesongar i Manchester United. Forsvarsspelaren sikra seg elles ein sølvmedalje med det franske landslaget i Fotball-VM 2006.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Silvestre spelte 1996-98 på Rennes FC i den franske toppserien, medan han sesongen 1998/99 var Inter-spelar i Italia. Den 10. september 1999 vart han overført til engelske Manchester United, der han omgåande fekk plass i fyrste-ellevaren. Fram til 2006 var han oftast å sjå på venstrebacken, når det var trong for det tok han også rolla som midtstoppar. Med Manchester United vann Silvestre fire ligameistertitlar. I 2004 var han med på triumfen i FA-cupen og to år seinare sigra han og laget hans også i ligacupfinalen. Etter den sistnemnde triumfen fekk han stendig mindre speletid, og var til sist berre benkefyll. Sommaren 2008 fekk Silvestre kontrakt med Arsenal FC, der han i to sesongar var inn og ut av fyrstelaget. Sidan hadde han ein bra 2010/11-sesong i tyske Werder Bremen, men etter den tid måtte han nøye seg med litt spel for Portland Timbers i USA i 2013 og Chennaiyin i India i 2014.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Silvestre deltok i 40 av Frankrike sine landskampar i tida 2001-06 og skåra 2 mål. Han var med i VM-troppa 2002, utan å få speletid. I 2004 spelte han alle lagets kampar under europameisterskapen i fotball, der Frankrike i semifinalen vart slått ut av Hellas, den blivande vinnaren av turneringa. Under VM i fotball 2006 spelte Silvestre ein kamp i innleiingsrunda, hans siste i landslagsdrakta. Dermed vart han sitjande på reservebenken då Italia vann over Frankrike i VM-finalen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Premier League: 2000, 2001, 2003 og 2007 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 2004 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 2006 med Manchester United
  • VM-sølv: 2006 for Frankrike

Kjelder[endre | endre wikiteksten]