Mikael H. Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikael H. Lie

Mikael Strøm Henriksen Lie (22. august 187316. oktober 1926) var ein norsk jurist, professor i rettsvitskap frå 1919.

Mikael Henriksen vart cand.jur. i 1894. Fem år seinare fekk han Kronprinsens gullmedalje for den rettshistoriske avhandlinga «Om de kongelige lensmænds rettlige stilling i Norge i tidsrummet 1536-1660».

Lie arbeidde frå 1897 i Justisdepartementet, fyrst som sekretær. Det neste tiåret studerte han fleire gongar utanlands på det offentlege sin kostnad. I 1907 fekk han stilling som rådgjevar i folkerett ved Nobel-instituttet, året etter vart han universitetsstipendiat. Frå 1919 til han døydde i 1926 var han professor i rettsvitskap ved universitetet i Kristiania. I denne perioden var han ein av Noregs sakkunnige utsendingar til møta i Folkeforbundsrådet. Gjennom åra bidrag han med artiklar til aviser og tidsskrift, og han gav ut fleire bøker om ulike emne innafor rettsvitskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]