Mikalaj Statkjevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikalaj Statkjevitsj
Мікалай Віктаравіч Статкевіч
Mikalai Statkevich.JPG
Fødd12. august 1956
Lyadna
Statsborgar avSovjetunionen, Kviterussland
PartiBelarusian Social Democratic Assembly, Sovjetunionens kommunistiske parti, Belarusian Social Democratic Party (People's Assembly)
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedMilitary Academy
Minsk Higher Air Defense Anti-aircraft Missile Academy
Andre namnМікалай Віктаравіч Статкевіч

Mikalaj Viktaravitsj Statkjevitsj (fødd 12. august 1956 i Ljadna i Minsk-provinsen) er ein kviterussisk politikar, politisk fange og leiar i Det kviterussiske sosialdemokratiske partiet (Folkeforsamlinga) (Bjelaruskaja satsyjal-demakratytsjnaja partyja (Narodnaja Hramada)). Statkjevitsj var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland 2010.

Statkjevitsj fekk ei militær ingeniørutdanning i Minsk og gjorde teneste i det sovjetiske militæret i arktisk Russland. Han var medlem av Det sovjetiske kommunistpartiet, men melde seg ut i 1991 i protest mot bruken av militærmakt mot demonstrantar i Vilnius i Litauen. Han vart leiar av det sosialdemokratiske partiet i 1995. Etter at han var med å organisera demonstrasjonar mot valfusk i 2004, vart han dømd til tre års fengsel i 2005. Amnesty International adopterte han som samvitsfange i 2006. Han slapp ut av fengsel i 2007.

Statkjevitsj stilte som kandidat ved presidentvalet i Kviterussland 19. desember 2010. Ifølgje dei offisielle resultata kom han på åttande plass med 1,0 % av røystene, men valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Statkjevitsj vart arrestert etter å ha teke del i demonstrasjonar i Minsk mot måten valet vart gjennomført på same kvelden, saman med fem av dei andre presidentkandidatane, og tiltalt for å ha "forårsaka masseuro". Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International rekna han som ein samvitsfange.[1] Under rettssaka mot han i mai 2011 hevda aktoratet at Statkjevitsj var hovudmannen bak demonstrasjonane etter valet, og skulda han for å ville storma regjeringsbygningen i Minsk.[2] Han vart dømt til seks års fengsel.

I januar 2012 vart soningstilhøva hans innskjerpa, då leiinga i straffekolonien meinte at han var «innstilt på å halda fram den kriminelle livsstilen sin". Ifølgje kona får han sleppa ut av cella éin time om dagen og får ta imot eitt besøk og éi pakke i året. Etter planen vil han vera ferdig med å sona dommen i desember 2016.

I august 2014 foreslo Statkjevitsj at opposisjonen burde samla seg bak éin presidentkandidat ved presidentvalet i 2015.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av stoff frå Russisk Wikipedia den 18. mai 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]