Mike Auldridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Auldridge
Fødd30. desember 1938(1938-12-30)
FødestadWashington, D.C.
Død29. desember 2012 (73 år)
DødsstadSilver Spring i Maryland
OpphavUSA
Aktiv1960-åra til 2012
SjangerBluegrass, country
InstrumentDobro, vokal
Tilknytte artistarSeldom Scene, Chesapeake
Verka somgitarist

Mike Auldridge (30. desember 193829. desember 2012) var ein USA-amerikansk dobrospelar som var med å skipe bluegrassgruppa The Seldom Scene. New York Times skildra Auldridge som «ein av dei mest markante dobrospelarane i country- og bluegrasshistoria, som var med å gjere desse sjangrane meir populære hos eit urbant publikum.»[1] Han arbeidde òg som biletkunstnar.

Auldridge spelte òg i gruppene The Country Gentlemen, Emerson and Waldron, Cliff Waldron and the New Shades of Grass, Seldom Scene, Chesapeake, The Good Deale Bluegrass Band, og John Starling and Carolina Star. Han spelte òg i turnébanda til Lyle Lovett og Emmylou Harris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Friskics-Warren, Bill (31. desember 2012). «Mike Auldridge Dies at 73; Lent Dobro Fresh Elegance». New York Times. Henta 12. november 2020.