Mike Burney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Burney
Fødd1. november 1938(1938-11-01)
FødestadBirmingham, England
Død13. november 2014 (76 år)
FødenamnMichael Burney
OpphavStorbritannia
SjangerJazz, pop, glamrock
InstrumentFlute, klarinett, altsaksofon, tenorsaksofon
Verka somsaksofonist

Mike Burney (1. november 193813. november 2014) var ein engelsk jazz-saksofonist, mest kjend for tida han spelte i Roy Wood sitt Wizzard.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1968 og 1970 spelte Burney i bandet til Billy Fury. Etter dette vart han medlem av Wizzard og spelte på singlar som «I Wish It Could Be Christmas Everyday».

I nyare tid arbeidde han med The Million-Airs Big Band & Concert Orchestra og var åtte år i The Syd Lawrence Orchestra.[2] Han arbeidde òg i eit felles prosjekt med andre Wizzard-medlemmar kalla The Old Horns Band.[2]

Burney turnerte og spelte med Chaka Khan, The Beach Boys, Sammy Davis jr., Petula Clark, Memphis Slim, Steve Winwood, Ruby Turner, Adam Faith, Bob Hope, Cliff Richard, Cilla Black, Dionne Warwick og Matt Monro.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mike Burney». 1973 Wizzard Tour Programme. Arkivert frå originalen 2018-11-01. Henta 18. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Meet the Band». The Old Horns Band. Arkivert frå originalen 5. januar 2009. Henta 18. april 2022. 
  3. «Mike Burney». Bearwood Jazz. Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 18. april 2022.