Mike Conley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Conley
Mike Conley, Sr..jpg
Fødd 5. oktober 1962
Chicago

Mike Conley, fullt namn Michael Alex Conley, (fødd 5. oktober 1962) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Chicago i Illinois. Han vart olympisk meister 1992 og verdsmeister 1993 i tresteghopp, og vann i tillegg eitt OL-sølv og tre VM-medaljar i tresteg- og lengdehopp. Conley sine personlege rekordar er 8,46 m i lengde og 17,87 m i tresteg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1983 var Conley ein av dei beste lengde- og tresteghopparane i verda. Same året, under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, vart han nummer tre i lengdegropa og fire i trestegtevlinga. Året etter tok han sølv i tresteghopp under OL 1984 i Los Angeles, åtte centimeter kortare enn landsmannen Al Joyner.

I 1987 vann Conley gull i tresteg ved innandørs-VM og ved dei panamerikanske leikane, begge tevlingane vart avvikla i Indianapolis. Om sommaren gjorde han sitt livs lengste, godkjende tresteghopp då han landa på 17,87 m under eit stemne i San Jose. Ved friidretts-VM 1987 i Roma la han beslag på sølvmedaljen, slått med 25 cm av Hristo Markov. Ein skade gjorde at han stod over Sommar-OL 1988 i Seoul. Våren 1989 vann han tresteghopp i innandørs-VM for andre gong.

Etter å ha vorte tredjemann i trestegtevlinga ved VM i friidrett 1991 i Tokyo, nådde Conley heilt til topps under dei olympiske leikane 1992 i Barcelona I sjette og siste omgang av finalen fekk han fullklaff og landa på 18,17 meter, 20 cm over verdsrekorden, men litt for sterk medvind førte til at hoppet ikkje kunne godkjennast som verdsrekord. Sesongen etter vart Conley verdsmeister i tresteghopp i Stuttgart.

Den 4. mai 1996 sette Conley personleg rekord i lengdehopp med 8,46 m i byen Springfield i delstaten Missouri. Han trappa ned treninga etter OL 1996 i Atlanta, der han tok fjerdeplassen i tresteg, fire centimeter bakom bronsemedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]