Mike Doonesbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mike (Michael J.) Doonesbury er tittelfiguren i teikneserien Doonesbury av Gary Trudeau. Han var med frå første stripa i 1970, og har vore hovudperson med jamne mellomrom frå den tid og fram til i dag.

Mike byrja som ein hjelpelaus bondegut frå Oklahoma, oppvaksen i Tulsa, og var om lag 19 år då serien byrja. Heimemiljøet krinsa rundt mora Daisy og broren Benjy. Sjølv var Mike ein idealist med få voner på damefronten. Sjølvbiletet hans vart markert av at spegelen støtt kommenterte lykka hans og utsjånaden dei første åra.

Mike vart opphavleg meint å vera motstykket til den meir maskuline B.D., vellykka trenar på rugbylaget, konservativ og militaristisk. Med tida vart dette trekket teke over av figurane Zonker Harris og Mark Slackmeyer. Mike vart den nøytrale hovudpersonen som let dei andre ikring seg vera meir fargerike.

Saman med B.D., Zonker, Mark, Nichole og vitskapsnerden Bernie, skipa han Walden commune i 1972, der dei faste figurane budde ein ti års tid. Mike og kona J.J var dei siste som flytta frå staden, då J.J. ville ha seg karriére som avantgarde-kunstnar i New York. Dei møtte kvarandre då J.J. ville finne att mora Joanie Caucus som hadde flytt i kollektiv og tok utdanning saman med dei yngre studentane. Dei heldt saman med avbrekk gjennom det meste av 1980-åra, til Mike gjekk lei av dei ville sprella til J.J. og braut opp. Dei greidde då å få dottera Alex Doonesbury i 1988. I dag fungerer Alex som ein radikal korreks for den meir moderate faren (han tok til å røyste republikansk etter 1990.

Etter studietida tok Mike arbeid i World Trade Center, og vart reklamemann. Han fekk ofte oppdrag som gjekk på ære og samvit laus, til dømes då han vart beden om å selja Ronald Reagan til svarte veljarar. Det første han sa til oppdraget var: «de set meg på prøve, ikkje sant? for å finne ut om eg har skam i livet?» Men han gjorde som han vart beden. Seinare tok Mike på seg å laga reklame for tobakksindustrien, og kom til å skapa mr. Butts, ein vandrande sigarett. Butts kom til å plaga Mike i årevis etterpå.

Etter brotet med J.J. møtte Mike den langt yngre Kim Rosenthal, vietnamesisk jente oppvaksen hjå jødiske foreldre, og dei fann kvarandre på nerdenivå og kunnskap. Saman flytte dei til Seattle, der Mike sel Software. Han har tidvis budd i lag med Zonker, og har tidvis kasta Zonker på dør.

Mikes sommardraumar[endre | endre wikiteksten]

Utover på 90-talet har det vore vanleg å syne nokre av Mikes sommardraumar, gjerne lykkelege og noko utopiske versjonar av verda slik han ville hatt ho: Fred i Midt-Austen, ei verd utan atomvåpen eller forureining er døme på slike draumar. I ein tidleg fase hadde Mike og mareritt, til dømes då heile figurgalleriet ramla inn i husværet hans den eine etter den andre, og det heile enda med at narkotikapolitiet og CBS-reportar Roland Hedley ville ta dei alle ihop, mest av di Butts og mr Jay (hasjreven) sat i stova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Teikneserien Doonesbury.