Mike Gibbins
Utsjånad
| Mike Gibbins | |||
![]() | |||
| Fødd | 12. mars 1949 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Swansea | ||
| Død | 4. oktober 2005 (56 år) | ||
| Dødsstad | Florida | ||
| Fødenamn | Michael George Gibbins | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Aktiv | 1964–2005 | ||
| Sjanger | [1] | ||
| Instrument | |||
| Tilknytte artistar | |||
| Plateselskap |
| ||
| Verka som |
| ||
Michael George «Mike» Gibbins (12. mars 1949–4. oktober 2005) var ein walisisk musikar som er mest kjend som trommeslagar i Badfinger.
Gibbins vart medlem i The Iveys i 1964. Bandet skifta namn til Badfinger i 1969, etter å ha fått kontrakt på Beatles sitt plateselskap Apple Records. I lag med resten av bandet deltok han på George Harrison-albumet All Things Must Pass og spelte på Concert for Bangladesh. Då Badfinger tok ein pause etter at Pete Ham døydde gjennom sjølvmord i 1975, spelte han som studiomusikar, mellom anna på «It's a Heartache» av Bonnie Tyler.[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mike Gibbins» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Badfinger - Biography & History». AllMusic. Henta 9. juni 2018.
- ↑ «Mike Gibbins - Biography & History». AllMusic. Henta 3 December 2017.
- ↑ Mike Gibbins (n.d.), «Official Website», Mikegibbins.com, henta 9. juni 2018
