Mike Ireland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Ireland

Statsborgarskap Canada
Fødd 3. januar 1974 (50 år)
Winnipeg
Yrke skøyteløpar
Mike Ireland på Commons

Michael James Grant Ireland, kjend som Mike Ireland, (fødd 3. januar 1974) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar frå Winnipeg i delstaten Manitoba. Han vart i 2001 verdsmeister i sprint og vann elles ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i sprint-VM i tida 200-04.

Ireland deltok internasjonalt frå 1994, men fekk sitt gjennombrot fyrst i 2000-sesongen. Han vart då andremann i sprint-VM, slått av landmannen Jeremy Wotherspoon, og tok elles sølv og bronse på høvesvis 500 meter og 1000 meter under VM i enkeltløp. I januar 2001 vann Ireland sprint-VM i Inzell i Tyskland. Under verdscupfinalane 3. mars 2001 i Calgary forbetra han verdsrekorden på 1000 meter til 1.08,34, ein rekord landsmannen Wotherspoon sletta allerie åtte dagar seinare. Både i 2002 og 2004 enda Ireland på tredjeplassen i sprint-VM. I 2004 kneip han også ein bronse på 500 m under VM i enkeltløp i sørkoreanske Seoul. Han deltok i fire olympiske vinterleikar, men kom aldri høgre enn ein sjetteplass på 500 m under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City.

Han la opp i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]