Mike Larrabee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Larrabee
MikeLarrabee.jpg
Fødd 2. desember 1933
Los Angeles
Død

22. april 2003
Santa Maria

Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Mike Larrabee på Commons

Michael Denny Larrabee , kjend som Mike Larrabee, (2. desember 193322. april 2003) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1964 vann to gullmedaljar under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.

Etter å ha vorte nummer fire på 440 yards i dei amerikanske meisterskapen (AAU) i 1956, var Larrabee dei neste åra mykje plaga av skadar. Fyrst i 1964 kom han tilbake i toppen og vart amerikansk meister på spesialdistansen med tida 46,0. Seinare i OL-sesongen sette han ein sterk personleg rekord på 400 m med 45,4 sekundar då han vann ein klar siger i eit stemne i Oslo. Den 12. september 1964 tangerte han verdsrekorden på 400 meter då han i Los Angeles vart klokka inn på 44,9 sekundar, hardt pressa av landsmannen Ulis Williams.

Den 19. oktober 1964 vart Larrabee olympisk meister på 400 meter. Han kom ut av siste sving som femtemann, men makta halde farta slik at han på dei aller siste meterane tok seg forbi Wendell Mottley frå Trinidad og Tobago. Vinnartida vart sterke 45,1 mot Mottleys 45,2. To dagar seinare fekk Larrabee sitt andre OL-gull då han sprang andreetappen for USA på 4 x 400 meter stafett. Ollan Cassell, Ulis Williams og Henry Carr var dei andre på stafettlaget.

Larrabee døydde av kreft i bukspyttkjertelen i heimen sin i Santa Maria i California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]