Mike Moran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Moran
Fødd4. mars 1948 (76 år)
FødestadLeeds
FødenamnMichael Moran
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra til i dag
Sjangerscene og lerret
InstrumentKlaverinstrument
Tilknytte artistarIan Gillan Band
Verka somPlateprodusent

Michael «Mike» Moran (fødd 4. mars 1948) er ein engelsk klaverspelar, låtskrivar og plateprodusent.

Moran er mest kjend som studiomusikar og produsent, og skreiv musikk for filmar som Time Bandits og The Missionary. Han spelte òg med Ian Gillan Band.

«Rock Bottom» var han song han skreiv saman med Lynsey de Paul som den britiske songen i Eurovision Song Contest 1977. Songen kom på andreplassen i konkurransen og vart ein hit i mange europeiske land.

De Paul og Moran skreiv sidan fleire songar i lag, som «Let Your Body Go Downtown» for Martyn Ford Orchestra.[1]

I mange år var Moran musikalsk leiar for barnemusikkshowet på ITV i Storbritannia, Get It Together, og spelte på showet kvar veke med forskjellige studiogjester.

Andre songar Moran har vore med å skrive er «Snot Rap» (Kenny Everett), «No Mean City», kjenningsmelodien til krimserien Taggart, sungen av Maggie Bell; «It's Alright», kjenningsmelodien til krimserien New Tricks, sungen av Dennis Waterman; og musikk for dei britiske underhaldningsshowa Chain Letters, Lucky Ladders og The Krypton Factor.

Han har arbeidd med forskjellige medlemmar i Queen, Ozzy Osbourne, Nicko McBrain og George Harrison. Han hadde ansvar for konsertproduksjonen og miksinga av Ziggy Stardust: The Motion Picture i 1973, i lag med David Bowie og produserte fleire hittar for Bowie i 1970- og 1980-åra. Han var medprodusent, arrangør, spelte klaverinstrument og var medlåtskrivar på alle songane på albumet Barcelona, det klassiske albumet til Freddie Mercury og operasongaren Montserrat Caballé som kom i 1988. Han produserte The Queen Album (1988), Piaf (1994) og Essential Musicals (2006) for Elaine Paige. Han var med i Dragon's Den som den musikalske leiaren for ein Dusty Springfield-musikal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 208. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]