Mike Pender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Pender

Fødd3. mars 1941 (83 år)
FødestadKirkdale i Liverpool i England
FødenamnMichael John Prendergast
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1950-åra
Sjangerrock and roll
Instrumentgitar
Tilknytte artistarMike Pender's Searchers
The Searchers
PlateselskapPye Records (blant fleire)
Verka somgitarist, låtskrivar, songar-låtskrivar, sjølvbiograf
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Mike Pender (fødd 3. mars 1941 som Michael John Prendergast) er eit av dei opphavlege medlemma i Merseybeat-gruppa the Searchers.[1] Han er mest kjend som vokalisten på mange av hitsinglane til The Searchers, inkludert songen «Needles and Pins» og «What Have They Done To The Rain?».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i karrieren arbeidde Pender i ein gitarbutikk på dagtid, og spelte mmed The Searchers på kvelden. I følgje Pender sjølv, var det han som kom på namnet, etter å ha sett filmen The Searchers med John Wayne. Etter at The Searchers spelte inn singlane «Sweets for My Sweet» og «Sugar and Spice» tok Pender over som vokalist etter Tony Jackson. Den siste singelen Pender spelte inn med The Searchers var «I Don't Want to Be the One» i 1980-åra. Pender slutta i The Searchers i 1985 for å satse på ein solokarriere og i 1988 vart han med i rockebandet The Corporation eller «Travelling Wrinklies».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tony Jackson, The Times, 20. august 2003