Mike Stone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Stone
Fødd1951
FødestadStorbritannia
Død2002 (alder 50–51)
FødenamnMichael Richard Seth Stone
OpphavStorbritannia
Sjangerrock
Verka somPlateprodusent

Mike Stone (19512002)[1] var ein engelsk lydteknikar og plateprodusent. Stone arbeidde med Queen (fleire album), Blue Öyster Cult, Foreigner, Journey (fleire album),[2] Kiss, Toby Beau, Asia, Lou Reed, Whitesnake, Joe Walsh og andre.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Stone byrja karrieren som assisterande lydteknikar i Abbey Road Studios i England. Medan han var framleis ein tenåring, arbeidde Stone på somme innspelingar forThe Beatles då dei spelte inn Beatles For Sale[4] (1964). Seinare arbeiddeh an ved Trident Studios, der han vart lydbandoperatør og assisterande lydteknikar. I 1974 byrja Stone eit langvarig samarbeid med Queen, då han arbeidde med den dåverande produsenten deira, Roy Thomas Baker. Han var mellom lydteknikar på den unike vokalinnspelinga av «Bohemian Rhapsody».[5] Etter at Baker gav seg som produsent for Queen, hyrte bandet framleis inn Stone på grunn av ekspertisen hans i vokalinnspelingane.[6] Tidleg i 1980-åra var Stone blitt produsent for bestseljande album av både Asia og Journey.[7]

Stone var meint å ha oversyn med ommastringa av katalogen til Queen då han døydde i 2002. Som minneord skreiv Brian May i Queen: «Produksjonsstilen til Mike med store refreng som byggjer og treff hardt, evna til handsame vokalen på ein unik måte, og finne rom i ei innspeling, har inspirert ein generasjon av unge produsentar.»

Arbeidet til Stone vart seinare avgrensa i seinare år av eit alkoholproblem, og han døydde av komplikasjonar av dette.[7]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mike Stone». Queenpedia.com. Henta 13. mai 2015. 
  2. Mehle, Michael (23. mai 1997). «Veteran plateprodusent turns his life down». Rocky Mountain News. s. 21D. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Mike Stone Discography». Discogs. Henta 1. juni 2020. 
  4. Emerick, Geoff; Massey, Howard (2007). Here, There and Everywhere: My Life Recording the Music of The Beatles. Penguin. ISBN 1592402690. Henta 1. juni 2020. 
  5. Mancuso, Carl J. (26. april 2011). «Classic Albums – Queen: A Night at the Opera». Seattle Post-Intelligencer. 
  6. Sutcliffe, Phil (2009). Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. Voyageur Press. s. 96. 
  7. 7,0 7,1 Sharpe-Young, Garry (20. juni 2002). «Bad news continues for rock world». Daily News. s. 23.