Mike Summerbee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Summerbee
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 15. desember 1942 (81 år)
Preston
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 1968

Utmerkingar

English Football Hall of Fame

Mike Summerbee, fullt namn Michael George Summerbee, (fødd 15. desember 1942) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd i Preston og oppvaksen i Cheltenham. Han vert hugsa for sine ti år i Manchester City, ein klubb han mellom anna vart ligameister med i 1968 og vann Cupvinnarcupen for i 1970.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Summerbee ligadebuterte i 1959, som 16-åring, for den dåverande tredjedivisjons-klubben Swindon Town. Sommaren 1965 vart han overført til Manchester City mot £35 000 og bidrog mykje til at klubben rykte opp frå 2. divisjon våren 1966. Høgrevengen Summerbee var ein av dei sentrale spelarane i det Manchester City-laget som vann fire trofe over tre sesongar, 1968-70; fyrst siger i ligaen, deretter finaletriumfar i FA-cupen, ligacupen og Cupvinnarcupen. Frå hausten 1975 til 1979 var Summerbee etter tur innom Burnley FC, Blackpool FC og Stockport County.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Summerbee deltok i 8 landskampar for England. Dei tre fyrste kampane fekk han vårsesongen 1968, dei fem siste i tida frå november 1971 til 10. juni 1973. Hans einaste landslagsmål kom då England og Sveits spelte uavgjort 1–1 i ein EM-kvalifiseringskamp 10. november 1971 på Wembley stadion.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1970 med Manchester City
  • Ligameister: 1968 med Manchester City
  • Vinnar av FA-cupen: 1969 med Manchester City
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1970 med Manchester City

Kjelder[endre | endre wikiteksten]