Mikey Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikey Smith
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 14. september 1954
Kingston på Jamaica
Død

17. august 1983 (28 år)

Yrke lyrikar

Michael Smith, vanlegvis kjend som Mikey Smith (14. september 195417. august 1983), var ein jamaicansk dub-poet.[1] Saman med Linton Kwesi Johnson og Mutabaruka var han ein av dei best kjende dub-diktarane då denne rørsla først voks fram. I 1978 representerte Smith Jamaica ved World Festival of Youth and Students på Cuba.

Han er kjend for albumet Mi Cyaan Believe It og diktet på dette med same namn. Smith hadde venstre-anarkistiske og rastafariske meiningar, og var politisk aktiv. Han blei drepen etter ein krangel ved ei politisk tilstelling.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Smith var fødd i Woodford Park i Kingston og voks opp i Jones Town. Mor hans var tenestekvinne og faren bygningsarbeidar.[2]

Han var mellom anna elev ved Kingston College og St George's College Extension School, men føretrekte det han lærte på gata til skulen.[2] Ei tid blei han send frå byen til besteforeldra sine på landsbygda for å «cool out».[3]

Smith skreiv dikt frå han var ung. Han fylte ei kladdebok med dikt, men faren meinte ikkje det var ein god leveveg, og brente boka. I staden for å gje seg, lærte Smith seg at det var viktig å læra dikta sine utanboks.[3] Han framførte politisk inspirerte dikt ved det lokale samfunnshuset sitt, og blei lagt merke til av Dennis Scott, som både var rektor ved Jamaican School of Drama, diktar og dramatikar.

Etter å ha vunne eit stipend og ein skuleplass studerte han ved Jamaican School of Drama frå 1975, saman med mellom anna Jean Binta Breeze og Oku Onuora. Her lærte han seg teknikkar for stemmebruk, rytme og rørsler som han tok i bruk til å framføra diktinga si.[4] Stipendet kom aldri, og Smith måtte forsørga seg med tilfeldig arbeid og vera student på deltid.[4]

Han vitja jamleg den såkalla Gun Court, ein insitusjon knytt til livstidsdommane ein fekk for å bera skytevåpen på denne tida, og organiserte dramagrupper.[5] I 1979 produserte han sitt eige stykke, The Yard.[4]

Smith laga sitt best kjende dikt, «Mi Cyaan Believe It» (‘Eg kan ikkje tru det’), i 1977. Diktet er kjend for Smith sine inderlege utrop som «Laaawwwd - mi cyaan believe it - mi seh - mi cyaan believe it.» Det traff eit politisk motivert publikum på Jamaica, og etterkvart i verda elles. Smith opptredde ofte saman med politikarar, ein kombinasjon som var vanleg på Jamaica på den tida. Ei tid var han med i Communist Workers' Party of Jamaica (W.F.J.), men fann det vanskeleg å fylgja partilinja som artist.[6] Han strevde også med å forsørga seg som diktar, og allierte seg med musikarar som Cedric Brookes og gruppa Third World, som hadde hatt internasjonal suksess.[7]

I 1978 opptredde Smith ved World Festival of Youth and Students på Cuba.[7] Dette året gav han også ut sin første singel, Word.

I 1981 opptredde Smith på Barbados under CARIFESTA, og blei filma av BBC medan han framførte «Mi Cyaan Believe It» for dokumentaren From Brixton To Barbados. Dette var ein film knytt til jamaicansk-britiske Linton Kwesi Johnson, som han blei vener med. Smith si framføring blei ein del av filmen, og vekte merksemd i Storbritannia. Året etter inviterte Johnson Smith til Storbritannia, og han opptredde ved den første International Book Fair of Radical Black and Third World Books i London, og turnerte elles i England.

Johnson produserte Smith sitt første album, Mi Cyaan Believe It (1982), som han spelte inn saman med reggaemuskaren Dennis Bovell. Plata kom ut på Johnson sitt plateselskap LKJ, og fekk merksemd på radio og fjernsyn. Han var på BBC-programmet Ebony og i ein dokumentar om samarbeidet sitt med Johnson. I november 1982 opptredde han for UNESCO i Paris. Han hadde også konsertar i Amsterdam og Milano, og opptredde fleire stader i Storbritannia med reggaesongaren Gregory Isaacs.[7] Han spelte inn musikk for BBC-radioverten John Peel, som blei send 4. mai 1982.[8]

I august 1983 blei Smith drepen på Jamaica. 16. august var han på eit politisk møte der den dåverande utdanningsministeren Mavis Gilmour talte. Han skal ha kome med tilrop. Dagen etter gjekk han forbi lokalkontoret til regjeringspartiet, Jamaica Labour Party. Fire menn der skal ha byrja krangla med Smith og kasta stein på han. To steinar traff han i hovudet, og han døydde, 28 år gammal.[9]

Han skreiv ned dikta sine for hand for å dokumentera dei, ikkje med tanke på å gje dei ut. Etterkvart som han fekk eit større publikum, særleg i Europa, blei det lagt planar om å gje dei ut. Mervyn Morris arbeidde med å redigera ei samling av dikta hans då Smith blei drepen.[10]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kamau Brathwaite si bok History Of The Voice frå 1984 var dedisert til Smith sitt minne, og omtalar han som 'steina til døde'.[11]

Smith er tema for Peter Ashbourne sin opera Reggae Opera Mikey.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «LKJ remembers Mikey Smith as 'one of the Caribbean's most original voices». JAMAICAOBSERVER.COM. Arkivert frå originalen 26. september 2007. 
  2. 2,0 2,1 Pearn & 1985 139.
  3. 3,0 3,1 Pearn & 1985 140.
  4. 4,0 4,1 4,2 Pearn & 1985 141.
  5. Pearn & 1p85 128-9.
  6. Pearn & 1985 141-2.
  7. 7,0 7,1 7,2 Pearn & 1985 142.
  8. "Peel Sessions", 24/04/1982 - Michael Smith, BBC.
  9. Pearn & 1985 143.
  10. Pearn & 1985 39-40.
  11. Edward Kamau Brathwaite (1984), History Of The Voice. New Beacon Books, 901241555
  12. Walters, Basil (2012) "Mikey Smith in Opera Arkivert 2019-04-15 ved Wayback Machine.", Jamaica Observer, 23. september 2012, henta 23. september 2012
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]