Mikhail Bakunin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhail Bakunin

Fødd30. mai 1814
Prjamukhino
Død1. juli 1876 (62 år)
Statsborgar avDet russiske imperiet
Yrkefilosof, skribent, politikar, anarkist
Utdanna vedHumboldt-Universität zu Berlin
Mikhailovsky Artillery School
MorVarvara Muravjova
FarAleksandr Bakunin
EktefelleAntonia Kwiatkowska
BarnMaria Bakunin, Giulia Sofia Bakunin
MedlemFørste Internasjonalen

Mikhail Bakunin (30. mai 18141. juli 1876) var ein anarkistisk tenkjar og aktivist. Han var Karl Marx sin hovudmotstandar innanfor den Første Internasjonalen.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Bakunin kom frå den russiske landsbygd-adelen, men kom i sterk opposisjon til styresmaktene. Frå 1843 var Bakunin i Paris, der han møtte både Marx og Pierre Joseph Proudhon, og blei mykje påverka av begge. I 1848 deltok Bakunin aktivt i oppreisten i Dresden, og etter den blei slått ned, var han mesta åtte år i fengsel, av dei seks år i Russland. Han fekk da fengselsstraffa omgjort til livsvarig forvising til Sibir, men rømte i 1861 og for til utlandet igjen. Frå 1864 budde han i Italia, der han grunnla ein hemmeleg organisasjon kalla «Den internasjonale brorskapen».

Sosialistisk tenking[endre | endre wikiteksten]

Det han stod for politisk hadde modnast, og hovudpunkta kan samanfattast slik: Avskaffing av arveretten, felleseige av jord, kapital og produksjonsutstyr, ei føderativ organisering av samfunnet ved friviljuge samanslutningar og avskaffing av staten, og avskaffing av borgarleg familielovgiving, det vil seie full likestilling mellom kvinner og menn og at barn har eigne rettar og ikkje er foreldra sin eigedom.

I 1867 slo Bakunin seg ned i Sveits, og stifta der organisasjonen «Internasjonal allianse for sosialistisk demokrati».

Konflikt med Marx[endre | endre wikiteksten]

I 1868 gjekk han inn i den Første Internasjonalen. Der kom han i konflikt med Marx, og Bakunin meinte Marx sin sentralisme var skadeleg for arbeidarrørsla og sosialismen. Bakunin og hans tilhengarar argumenterte med at den revolusjonære rørsla måtte praktisere den likskapen og fridomen som var målet, slik at ikkje mål og middel kom i motsetning til kvarandre. Marx på si side var redd for Bakunin sin sans for hemmelege smågrupper, som Marx meinte ville vere isolerte frå massane og ikkje bringe rørsla framover.

I 1871 kom Marx med forslag om danning av politiske arbeidarparti, sosialistiske masseparti, som reiskap for frigjering av arbeidarklassen. Men dette fekk ikkje særleg oppslutning i dei landa der anarkismen stod sterkt, særleg Italia, Spania og Frankrike, og Marx meinte da han måtte ta eit oppgjer med Bakunin. I 1872 blei Bakunin og tilhengarane hans ekskluderte, og leiinga for Internasjonalen flytta til USA. Men etter dette spelte Internasjonalen ikkje noka nemnande politisk rolle for utviklinga av arbeidarrørsla i Europa.

Etter utestenginga frå Internasjonalen levde Bakunin eit meir tilbaketrekt liv, i Italia og Sveits, til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]