Mikhail Butkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mikhail Butkov var ein sovjetisk politisk spion som verva seg til KGB i 1984, vart send til Oslo i 1989, vart dobbeltagent for POT og MI5 same året og hoppa av 22. mai 1991.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Butkov vart plassert i «Arktisk seksjon» i KGB, noko som inkluderte Noreg. Han kom til Oslo under dekke av å vere journalist etter initiativ frå Lev Kosljakov, som var KGB-resident i Oslo frå 1988. Det fyrste oppdraget var å reetablere kontakt med «DUDIN», som tidlegare hadde vore forsøkt rekruttert av Viktor Grusjko, ein tidlegare KGB-agent frå 70-talet. «DUDIN» var Reiulf Steen. Dette førte ikkje til noko, og KGB la «DUDIN» på is i 1990. Deretter prøvde han seg på «JURIJ», som var forsøkt rekruttert som «konfidensiell kontakt» av KGB-agenten Vladimir Sjisjin - òg på 70-talet. «JURIJ» var Thorbjørn Jagland, som på 70-talet var formann i AUF. Dette førte heller ikkje til nokon politisk gevinst for KGB, så den neste mogelege rekrutteringa var «STEKLOV», som var forsøkt rekruttert av KGB-agenten Boris Kirillov fram til 4. mai 1990. Denne rektrutteringa hadde ikkje Butkov noko med å gjere, men han var då vorte dobbeltagent, og greidde å få tak i identiteten til «STEKLOV» i KGB-hovudkvarteret i Moskva, og det var Jens Stoltenberg. Dette førte heller ikkje til noko, for Stoltenberg hadde før dette rapportert om samtalane med Kirillov til POT. Det var òg fleire personar som vart kultiverte av KGB, til dømes ein med dekknavnet «VIKING», som vart sagt å tilhøyre Forsvarets Forskningsinstitutt, saman med «OSTAP» og «KROT», som leverte teknisk og vitskapeleg informasjon. Takka vere Butkov, var KGB-operasjoner i Noreg likevel i stor grad under kontroll i tida 1989 til 1991. KGB sin siste offensiv vart stansa før den kom skikkeleg i gang.[3]

I POT vart det Einar Brusletto som overtok som føringsoffiser for dobbeltagenten Butkov, og dei hadde ein fast møteplass ved Godlia T-banestasjon i Oslo. Bruslett kontakta òg MI5 og MI6 ved agenten John Venning slik at dei saman kunne dra nytte av dobbeltagenten. Butkov skaffa dei dokumentfoto av særs nyttig informasjon, mellom anna prov på at Russland ikkje ville gripe inn dersom USA skulle angripe Irak i Golfkrigen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/regjeringen-stoltenberg/kodenavn-steklov/a/5916647/
  2. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/regjeringen-stoltenberg/butkov-jobbet-som-dobbeltagent/a/5344606/
  3. https://www.nrk.no/dokumentar/24.oktober...kgbs-siste-offensiv-1.908112