Mikhailovhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhailovhalvøya
halvøy
Land  Russland
Del av Tajmyrhalvøya
Kart
Mikhailovhalvøya
75°05′00″N 87°15′00″E / 75.08333333°N 87.25°E / 75.08333333; 87.25
Plasseringa til Mikhailovhalvøya i Karaahavet
Plasseringa til Mikhailovhalvøya i Karaahavet
Plasseringa til Mikhailovhalvøya i Karaahavet
Wikimedia Commons: Mikhailov Peninsula (Taymyr)
Mikhailovhalvøya ligg nedst til høgre på kartet.

Mikhailovhalvøya (russisk Poluostrov Mikhailova) er ei lita halvøy på austkysten av Karahavet og på vestsida av Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland.

Mikhailovhalvøya er dekt av tundra og ligg nord for Mininaskjera. Halvøya er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.[1]

Klimaet i området er kaldt med lange, bitre vintrar. Havet omkring Mikhailovhalvøya er dekt av is det meste av året. Smeltinga byrjar i midten av juni, men alt i september frys havet til igjen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1921 fann ein sovjetisk-norsk ekspedisjon leia av Nikifor Begitsjev, som leita etter Roald Amundsen sine menn Peter Tessem og Paul Knutsen, restane av eit leirbål med forkola bein nær Mikhailovhalvøya. Ein meinte at dette var restane av dei to nordmennene. Nyare forsking har derimot vist at leirbålet truleg kom frå den mislukka Rusanov-ekspedisjonen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Great Arctic State Nature Reserve Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
  2. William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919.