Mikis Theodorakis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikis Theodorakis

Fødd29. juli 1925
FødestadKhíos
Død2. september 2021 (96 år)
DødsstadAten
FødenamnΜίκης Θεοδωράκης
OpphavHellas
Aktiv1943–2009
Sjangeropera, symfoni, laïkó tragoúdi, éntekhno, vokalmusikk, Sirtaki
Instrumentfiolin, piano
PlateselskapFolkways Records, Philips Records, EMI, United Artists Records, Polydor Records, RCA Victor
Verka somkomponist, politikar, filmmusikkomponist, låtskrivar, plateartist, songar
Gift medMyrto Altinoglou
BornGiorgos Theodorakis, Margarita Theodorakis
Prisarkommandør av Æreslegionen, storoffiser av den luxemburgske Fortjenstordenen, Lenins fredspris, BAFTA Award for beste filmmusikk, Lenin Komsomol-prisen, Æresdoktor ved universitetet i Tel Aviv, æresdoktor ved universitetet i Salzburg, æresdoktor ved Aristoteles-universitetet i Tessaloniki, Venskapsordenen, æresmedlem i akademiet i Aten, æresdoktor ved Universitetet i Montréal, æresdoktor ved Universitetet i Istanbul

Mikis Theodorakis (29. juli 19252. september 2021) var ein internasjonalt anerkjent gresk komponist og tidlegare politikar i Hellas. Han var først og fremst kjend som komponist og har sjølv komponert flere verk som har vore med å definera og gjera kjent gresk samtidsmusikk for heile verda. Theodorakis var samtidig også kjent for å ha dirigert mange ulike framføringer av kjente greske verk, til dømes «O Kaimos» ved Likavittou-teateret i 2001.[1]

Musikken hans kan skildrast som lett og positiv, med tydelege fengjande rytmar. Eit sentralt instrument i mykje av musikken hans har vore det det tradisjonelle greske instrumentet bouzouki. Han debuterte i 1960 med albumet Epitaphios.[2]

Eit av dei best kjente verka hans er filmmusikken til Zorba the Greek av Michael Kakoyianni, som er basert på romanen til Nikos Kazantzakis om bonden Alexis Zorba.[3]

I dei seinare åra i livet heldt Theodorakis fram med å ta del i musikalske arrangement, sjølv om han ikkje gjorde det like hyppig som før.

I 1983 vart han tildelt Leninprisen av Sovjetunionen, og i 2000 vart han nominert til Nobelprisen for fredsarbeid.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Mikis Theodorakis vart fødd 29. juli 1925 på øya Khios i Egearhavet. Mora hans var frå Khios og faren frå Kreta.

I 1953 gifta han seg med Myrto Altinoglou, og saman fekk dei to barn: Georg Theodorakis, og Margarita Theodorakis.

Politisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Innafor politikken har han halde ein tydeleg venstreorientert ståstad. Han engasjerte seg for første gong under den andre verdenskrigen då han melde seg inn i det greske kommunistpartiet KKE, på trass av den tyske okkupasjonen. Dette viser tydeleg kor samfunnsengasjert han var, noko som kjem fram i mykje av musikken hans.

Gjennom livet har han halde eit filososialistisk synspunkt. Etter den andre verdenskrigen, då det var borgarkrig i Hellas og den borgarlege sida ende opp med å ta makta i 1949, vart Theodorakis torturert og send i eksil på øya Makronisos.

Han hadde også eit langt og vennleg forhold med Cuba sin daverande kommunistiske statsminister, Fidel Castro. Samtidig har han bytta parti fleire gonger. I 1964 vart han vald in til det greske parlamentet for det meir moderate partiet EDA. Og i 1981, etter den greske juntaen, representerte han det sosialdemokratiske partiet PASOK. Grunna ein låg oppslutnad for partia på venstresida i 1989, valde Theodoraki å bli statsråd for Nytt Demokrati sin regjering (søsterpartiet til Høgre), leia av Konstantin Mitsotakis.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. web, Gravity gr-custom, «Μίκης Θεοδωράκης», Μίκης Θεοδωράκης (på engelsk), henta 17. februar 2020 
  2. «Mikis Theodorakis», Discogs (på engelsk), henta 17. februar 2020 
  3. «Mikis Theodorakis», IMDb, henta 17. februar 2020 
  4. Smørgrav, Ivar (30. mai 2017). «Mikis Theodorakis». Store norske leksikon (på norsk).