Mikkel Brænne Sandemose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikkel Brænne Sandemose
Fødd 4. september 1974 (46 år)
Yrke filmregissør, manusforfattar

Mikkel Brænne Sandemose (fødd 4. september 1974) er ein norsk filmskapar fødd i Oslo.

Sandemose er utdanna ved Film & TV-akademiet og er medgrunleggjar av produksjonsselskapet Pravda. Han laga reklamefilm, musikkvideoar og kortfilmar før han debuterte som langfilmsregissør med skrekkfilmen Fritt vilt III frå 2010. I 2013 kom Gåten Ragnarok , ein familie-eventyrfilm inspirert av amerikanske filmar som Indiana Jones og Jurassic Park.[1] I 2017 laga han Askeladden – i Dovregubbens hall, ein norsk storfilm inspirert av folkeevenytr samla inn av Asbjørnsen og Moe.[2]

Mikkel Brænne Sandemose er son av teiknaren Iben Sandemose og forfattar og teknisk konservator Jon Brænne. Han er barnebarn av filmskaparen Bjarne Sandemose og oldebarn av forfattaren Aksel Sandemose

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

  • Abigail – Bertine Zetlitz (co-regi Kajsa Næss)
  • Twisted Little Star – Bertine Zetlitz
  • Yesterdays call – Erik Faber
  • Happy – Vidar Vang
  • Birmingham Ho – Morten Abel
  • I don't want to see you cry – Silje Nergaard
  • Standing Tall – Kjartan Salvesen
  • Fake your Beauty – Bertine Zetlitz
  • Ah Ah – Bertine Zetlitz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haga, Thor Joachim (8. november 2013). «Analysen: Gåten Ragnarok (2013)». Montages (på norska). Henta 8. februar 2015. 
  2. Edd Wikhaug, Steffen (6. februar 2015). «Norske eventyr får produksjonstilskudd». Montages (på norska). Henta 8. februar 2015.