Mikkel Dobloug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikkel Dobloug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1944 (79 år)
Yrke kombinertløpar
Høgd 185 centimeter

Mikkel Dobloug (fødd 7. juli 1944) er ein tidlegare kombinertrennar frå Vang på Hedmark. Han vart noregsmeister i øvinga i 1966, og sigra i kombinert i Svenska skidspelen både i 1966 og -67. Dobloug representerte Vang Skiløperforening. Han fekk Kongepokalen i skiidrett i 1966.[1]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dobloug overraska stort i Lahti-spelen i 1964, der han vart nummer to etter landsmannen Arne Larsen. Bak seg på resultatlista hadde han mellom andre både Tormod Knutsen og Georg Thoma, ferske gull- og sølvvinnarar frå vinter-OL 1964 i Innsbruck. Sesongen etter vart det nye andreplassar på Dobloug, fyrst i noregsmeisterskapen der Larsen vart for sterk, og sidan i Holmenkollen der Dobloug slo Larsen med vel eitt poeng, og Georg Thoma vann rennet.

Dobloug vann kombinert i NM på ski i 1966. Same året vann han kombinertøvinga under Svenska skidspelen, ei bragd han gjentok året etterpå. Elles i 1967-sesongen vart han nummer to i noregsmeisterskapen, nummer tre i Lahti og nummer fire i Holmenkollen.

Han deltok i verdmeisterskapen i Oslo i 1966 og vart beste nordmann i kombinert med ein sjuandeplass. To år seinare var han på plass i Grenoble. Atter vart han beste nordmann i kombinertøvinga, men hamna på 21. plass i den olympiske tevlinga. Alle dei norske kombinertrennarane bomma fullstendig på smurninga i langrennet.

Dobloug slutta tevla i skiløypa og hoppbakken i 1970.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 2 i Lahti
  • 1965: Nr 2 i Holmenkollen og nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1966: Vinnar av Svenska skidspelen i Umeå
  • 1967: Vinnar av Svenska skidspelen i Falun, nr 3 i Lahti og nr 4 i Holmenkollen
  • 1968: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun, nr 5 i Lahti og nr 8 i Holmenkollen
  • 1969: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Mikkel Dobloug – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  1. «Kongepokaler NSF historisk oversikt» (PDF). Skiforbundet. Henta 1. januar 2017.