Mikkel Niva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikkel Niva

Fødd1. oktober 1988 (35 år)
FødestadElverum
FødenamnMikkel Bjørnebo Jensen Niva
Verka somskodespelar, manusforfattar, programleiar

Mikkel Bjørnebo Jensen Niva (fødd 1. oktober 1988) er ein norsk improvisatør, manusforfattar og skodespelar.[1] Han kjem frå Elverum og vaks opp i Sarpsborg.[2]

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Niva var åtte år gammal då han debuterte på teaterscena. Debutrolla hans var rolla som smånisse i Putti, Plutti Pott, men han hadde større ambisjonar.[3]

Niva er medlem i ensemblet ved Det Andre Teateret, og medverkar som «Kjendis-Niva» i spelpodkasten Samspill.[4] Niva har òg vore med i TV-program som Alt er lov, Brille, Broshow og Torsdag kveld fra Nydalen.[5] I tillegg hadde han ein liten opptreden i programma Adventslekene (i rolla som drittsekk) og Berrum & Beyer.[6][7]

I 2018 sende NRK dokumentar-serien Uten Pappa, som dreia seg om Nivas lengsle etter ein farsfigur.[8]

Niva er òg med i humor-podcasten Friminutt saman med Herman Flesvig.[9]

Niva var programleiar i Julemorgen på NRK i 2016 og leia Sommeråpent i 2017 frå Gran, Flå, Finse, Flåm og Voss saman med Haddy Njie.[10][11] Det same året leia han òg TV-aksjonen 2017[12] og MGPjr 2017.[13] I 2019 leia han Melodi Grand Prix Junior, Sommeråpent, TV-aksjonen og Kvelden før kvelden.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. brreg.no Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret
  2. «Skal preke julen inn» (på norsk). 7. november 2016. Henta 2. juli 2019. 
  3. universitas.no Arkivert 2021-12-22 ved Wayback Machine. –⁠ Jeg er redd for å bli glemt
  4. podtail.com Samspill
  5. imdb.com Filmography
  6. filmfront.no Anmeldelse av Adventslekene, norsk tv-serie fra 2014
  7. podtail.com Arkivert 2021-12-22 ved Wayback Machine. Mikkel Niva er aktuell med ny TV-serie
  8. seher.no - Konfirmasjonen ble en drittdag
  9. vg.no «Friminutt» er Norges største podkast
  10. Hilde Ljøen (08.12.2016). «Slik blir julen på NRK» (på norsk). NRK. Henta 9. juni 2017. 
  11. Gøril Grov Sørdal (30.05.2017). «Gler seg til lukta på Jæren» (på norsk). NRK. Henta 9. juni 2017. 
  12. Fordal, Jon Annar (2. oktober 2017). «Her er programlederne for TV-aksjonen 2017». NRK (på norsk). 
  13. Bergmo, Tonje (25. oktober 2017). «Her er programlederne for MGPjr 2017». NRK (på norsk). 
  14. Per Magnus Riseng: Mikkel Niva - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 21. desember 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]