Mikkel R. Vindal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikkel R. Vindal
Fødd 15. april 1833
Oppdal
Død

5. mars 1914
Oppdal

Yrke politikar, bonde

Mikkel Rasmusson Vindal (15. april 18335. mars 1914) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Oppdal i Sør-Trøndelag. Han var medlem av Venstre.[treng kjelde]

Vindal var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtslandbruksskulen, der han tok eksamen i 1853. Åra 1856 og 1858 var han assistent hos statens reiseagronom med stipend frå amtet. Frå 1859 til 1904 var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i Oppdal frå 1868 og hadde elles mange kommunale verv.

Vindal representerte Søndre Trondhjems amtStortinget frå 1877 til 1882. Han var då medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Perioden 1889-91 var han 3. varamann frå same valkrinsen, men møtte 1890-sesjonen og større delar av 1891-sesjonen. 1890-91 var han medlem av justiskomiteen, i 1891 var han medlem av Lagtinget og valkomiteen.

Han døydde i 1914 på slektsgarden i Oppdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]