Mikko Kokslien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikko Kokslien


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mars 1985 (39 år)
Lillehammer kommune
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014

Mikko Kokslien (fødd 10. mars 1985) er ein norsk kombinertrennar frå Lillehammer som tevlar for klubben Søre Ål Idrettslag. Han har vunne tre bronsemedaljar i lagtevlingar i to ulike verdsmeisterskap, 2009 og 2011. Mellom desember 2010 og desember 2012 vann han fem renn i verdscupen i kombinert.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kokslien debuterte i verdscupen i 2005 utan å markere seg. Fyrst i 2008/09-sesongen nærma han seg verdseliten i kombinerta då han straks før jul i 2008 vart nummer sju i eit renn i Ramsau. Han deltok for Noreg i verdsmeisterskapen på ski i Liberec, der han gjekk på det norske firemannslaget som sikra bronse. Individuelt var 13. plassen i tevlinga der det vart hoppa i storbakken og deretter gått 10 km langrenn hans beste plassering i verdsmeisterskapen. I det siste verdscuprennet for sesongen overraska han stort med ein tredjeplass i Vikersund.

Koksliens beste plassering i verdscupen i OL-sesongen 2010 var ein åttandeplass. Han deltok for Noreg i dei individuelle renna i olympiaden og vart høvesvis nummer 32 og 39. Då den nye skisesongen starta i slutten av november 2010 presterte Kokslien på eit mykje høgre nivå enn tidlegare. 27. november 2010 vart han nummer to i eit verdscuprenn i Kuopio, berre slått av Felix Gottwald frå Austerrike. Veka etter vann han sitt fyrste verdscuprenn heime på Lillehammer, med Jason Lamy-Chappuis og Gottwald på dei neste plassane. Dagen etter sigeren vart han nummer to i eit nytt renn.

I ski-VM i Oslo i 2011 vann Kokslien to bronsemedaljar då Noreg hamna på tredjeplass i begge lagtevlingane i meisterskapen. Også Håvard Klemetsen, Jan Schmid og Magnus Moan vart doble bronsevinnarar. Individuelt vart Kokslien nummer seks og åtte i verdsmeisterskapen.

Gjennom 2012-sesongen oppnådde Kokslien åtte pallplasseringar i verdscupen. Han vann tre renn og fekk like mange andreplassar og to tredjeplassar. Så langt i 2013-sesongen har han vunne eitt verdscuprenn og to gongar vorte nummer to.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

# Dato Stad Øving
1 4. desember 2010  Noreg Sjusjøen 10 km LH
2 8. januar 2012  Tyskland Oberstdorf 10 km LH
3 11. februar 2012  Kasakhstan Almaty 10 km LH
4 12. februar 2012  Kasakhstan Almaty 10 km LH
5 16. desember 2012  Austerrike Ramsau 10 km LH

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Nr 6 i kombinertsprint på Kongsberg
  • 2008: Nr 4 i kombinertsprint i Trondheim
  • 2009: Nr 7 i begge kombinertøvingane (normal og fellesstart) på Raufoss og Gjøvik
  • 2010: Bronsemedalje i Stokke
  • 2011: Gullmedalje på Steinkjer
  • 2012: Sølvmedalje på Voss

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]