Mikrolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og mineralet mikrolitt
Mikrolitt og fingrar.

Mikrolitt (frå gresk mikro, 'liten' og lith, 'stein') er ei arkeologisk nemning for ein liten steinreiskap, som regel av flintstein. Dei blei sette inn i større reiskapar, til dømes som spyd- og pilespissar. Det er funne mikrolittar over heile verda. Dei blei laga frå slutten av eldre steinalder, var vanlege under mellomsteinalderen og blei mindre vanlege i yngre steinalder.

Mikrolittar har geometrisk utforming og er opptil 3 cm lange. Typiske mål er ei lengd på 1 cm lang breidde på 0,5 cm. Mikrolittar blei som regel danna av mikroflekkjer, små steinemne, laga med mikrostikkelteknikk.

Trapesoid mikrolitt.
Triangulær mikrolitt.

Ein klassifiserer mikrolittar etter kva form dei har. Dette kan ofte tidfesta dei til særskilde periodar.

  • lansettmikrolitt, rette, spisse mikrolittar
  • segmentmikrolitt, mikrolittar med halvmåneform
  • trekantmikrolitt
  • trapesoid mikrolitt
  • rektangulær mikrolitt
  • rombisk mikrolitt

Mikrolittar frå Nord-Skandinavia skil seg ut ved at dei i tillegg til mikroflekkjer også kan vera danna frå avslag, materiale ein elles ville kasta. I staden for spesialisert mikrostikkelteknikk er det også ofte brukt ein meir generell slagteknikk, retusjering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]