Mikuláš Dzurinda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikuláš Dzurinda
DzurindaMik2.jpg
Fødd4. februar 1955
Spišský Štvrtok
NasjonalitetSlovakia
PartiKristendemokratisk bevegelse
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, diplomat
Utdanna vedUniversitetet i Žilina
VervStatsminister i Slovakia 1998-2006
FøregangarVladimír Mečiar
EtterfylgjarRobert Fico

Mikuláš Dzurinda (fødd 4. februar 1955 i Spišský Štvrtok i Prešov-provinsen i dåverande Tsjekkoslovakia) er ein slovakisk politikar og statsminister i Slovakia frå 1998 til 2006.

Dzurinda gjekk ut frå høgskulen for transport og kommunikasjon i Žilina i 1979. Han arbeidde som økonomisk analytikar for transportforskningsinstituttet i Žilina frå 1979 til 1988. 1988 til 1990 jobba han som seksjonsdirektør for den tsjekkoslovakiske jernbanen i Bratislava.

Dzurinda gjekk inn i politikken som ein av grunnleggjarane av den Kristendemokratiske Rørsla (Kresťanskodemokratické hnutie - KDH) i 1990. Etter det første demokratiske valet i Tsjekkoslovakia i 1990 vart Dzurinda visesamferdselsminister i den slovakiske regjeringa i 1991. I 1992 vart han vald inn i det slovakiske parlamentet, der han var med i finanskomitéen. Då Tsjekkoslovakia vart oppløyst i 1993 var Dzurinda nestformann i KDH, med ansvar før økonomi. I 1994 var han minister i regjeringa til Jozef Moravčík, etter at Vladimír Mečiar vann parlamentsvalet i oktober 1994 vart han del av opposisjonen.

Mečiar sitt styre var svært kontroversielt og vart skulda for å vera autoritært. Som eit resultat av dette gjekk KDH og fire andre opposisjonsparti i 1997 saman i ein koalisjon, den Slovakiske Demokratiske Koalisjonen (SDK). Dzurinda vart talsmann, og 4. juli 1998 leiar for koalisjonen. Koalisjonen vann parlamentsvalet i 1998 og Dzurinda vart statsminister 30. oktober 1998.

Dzurinda starta opp att Slovakia sin integrasjonsprosess med internasjonale organisasjonar, og betra Slovakia sitt forhold til EU og USA, som hadde vore dårleg under Mečiar. I september 2000 vart Slovakia medlem i OECD, og forhandlingane om EU-medlemskap skaut fart. I januar 2000 grunnla Dzurinda eit nytt parti, den Slovakiske Kristne og Demokratiske Unionen (Slovenská demokratická a kresťanská únia - SDKU), som han har leia sidan då. Etter parlamentsvalet i september 2002 kunne Dzurinda halda fram som statsminister, i koalisjon med sitt gamle parti KDH, den Ungarske Koalisjonens Parti og den Nye Borgaralliansen. I november 2002 vart Slovakia invitert til å bli med i NATO, og i desember same år vart forhandlingsprosessen for medlemskap i EU fullført. Slovakia vart med i begge organisasjonane i 2004.

Ved parlamentsvalet 17. juni 2006 vart det sosialdemokratiske partiet størst, og Dzurinda gjekk av som statsminister 4. juli same år.

Mikuláš Dzurinda er gift og har to døtrer. Han snakkar engelsk og fransk. Han er ein ivrig maraton-løpar, med personleg rekord på 2 timar, 54 minutt og 57 sekund, og har fullført både New York maraton og London maraton i si tid som statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]