Milcah Cheywa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milcah Cheywa
Milcah Cheiywa 2010-06-04 Bislett Games 062.jpg
Milcah Cheiywa på Bislett stadion i 2010
Fødd 24. februar 1986
Mount Elgon District
Yrke friidrettsutøvar
Milcah Cheywa på Commons

Milcah Chemos Cheywa (fødd 24. februar 1986) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i 3 000 meter hinder i 2013. Ho har elles vunne tre bronsemedaljar i øvinga, to i verdsmeisterskap og ei i OL 2012.

Cheywa tevla i fleire år på mellomdistansane. Då ho ikkje lukkast hevde seg mot dei beste i heimlandet, satsa ho frå 2009 på 3000 meter hinder. I VM i Berlin same året kom ho på tredjeplassen med personleg rekord 9.08,5, slått i spurten av spanske Marta Domínguez (som fekk gullmedaljen annullert i 2015) og russiske Julija Zaripova. I 2010 vann Cheywa hinderløpet både i afrikameisterskapen i Nairobi og i samveldeleikane i New Delhi. Meir imponerande var prestasjonane i diamantserien (DL), der ho vann fire av hinderløpa; i Oslo, Roma, Eugene, London, og vart nummer to i dei tre andre.

Året etter kom Cheywa som storfavoritt til VM 2011 i Daegu, etter som ho hadde vunne alle dei fem hinderløpa i diamantserien ho hadde delteke i. I Daegu måtte ho sjå seg slått med ti sekundar av Julija Zaripova (som fekk gullmedaljen annullert i 2016) og fem av Habiba Ghribi på sølvplass, men ho vann spurten om bronsemedaljen.

OL-sesongen 2012 var Cheywa like dominerande i diamantserien som før, med sigrar i Shanghai, Eugene og Oslo. Under Bislett-leikane i Oslo sette ho også afrikarekord med 9.07,1. Hinderløpsfinalen ved Sommar-OL London enda på sett og vis ganske likt med VM 2011; Zaripova braut målsnøret og stod øvst på sigerspallen, for så å få annullert prestasjonen i 2016, medan Ghribi fyrst fekk sølv med sine 9.08,3 og så verte tildelt gullmedaljen i Rabat i 2016. Cheywa som opphavleg vart nummer fire, fire hundredels sekund bak etiopiske Sofia Assefa, rykte då opp på bronseplass.

Under VM 2013 vann Cheywa gullmedaljen i 3 000 m hinder på årsbeste i verda, knapt sekundet framom landskvinna Lydia Chepkurui, med Sofie Assefa på tredjeplass. Sommaren 2014 tapte Cheywa spurten mot landskvinna Purity Cherotich i hinderløpet då samveldeleikane fann stad i Glasgow.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 9.08,5, bak Julija Zaripova (9.08,3)
  • VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje – 9.17,1, framom Mercy Wanjiku (9.17,8)
  • OL 2012 i London: Bronsemedalje – 9.09,88, bak Sofia Assefa (9.09,84)
  • VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 9.11,6, framom Lydia Chepkurui (9.12,5)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]