Milestones av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milestones
Studioalbum av Roy Orbison
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1973
Sjanger Rock
Selskap MGM (SE 4934)
Produsent Roy Orbison, Joe Melson
Roy Orbison-kronologi 
Memphis
(1972)
Milestones I'm Still in Love with You
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]

Milestones er eit studioalbum av Roy Orbison, gjeve ut 24. september 1973 på MGM Records. Det var det siste albumet hans for dette selskapet. Det vart arrangert av Joe Tanner, Rex North og Randy Goodrum. «The Morning After» vart nytta i filmen The Poseidon Adventure.

Dette var det siste albumet til Orbison og i følgje Allmusic bar albumet preg av at han berre prøvde å oppfylle kontrakten sin, og at han derfor kanskje sparte dei betre songane sine til seinare prosjekt. Med dette i tankane meiner Allmusic at albumet var overraskande bra, særleg vokalen til Orbison som alltid heldt eit høgt nivå.[1]

Orbison gjekk attende til Monument Records dei neste åra og seinare Elektra og Virgin.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Wanna Live»John D. Loudermilk2:35
2.«You Don't Know Me»Cindy Walker, Eddy Arnold3:23
3.«California Sunshine Girl»Letha Purdom3:36
4.«Words»Barry Gibb, Robin Gibb, Maurice Gibb3:13
5.«Blue Rain (Coming Down)»Roy Orbison, Joe Melson3:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Drift Away»Mentor Williams3:44
7.«You Lay So Easy on My Mind»Donald L. Riis, Bobby G. Rice, Charles W. Fields2:58
8.«The World You Live In»J. Melson, Suzie Melson2:36
9.«Sweet Caroline»Neil Diamond3:03
10.«I've Been Loving You Too Long»Otis Redding, Jerry Butler3:36
11.«The Morning After»Al Kasha, Joel Hirschhorn3:03

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Albumet på Allmusic