Militærøvinga Zapad-2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unbalanced scales.svg Objektiviteten i denne artikkelen er omstridd. Endringar som manglar kjelder og/eller avviker frå ei objektiv framstilling, kan bli fjerna.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Felles strategisk militærøving ZAPAD-2017 i Russland og Kviterussland

Zapad-2017 var ei militærøving mellom det russiske og det kviterussiske forsvaret frå 14. til 20. september 2017. Ifølgje offisielle kjelder ville det delta opptil 13 000 soldatar.[1]Dette talet på soldatar krev ikkje obligatorisk formell notifisering og invitasjon av observatørar i høve OTSE sitt såkalla Wiendokument. [2] Før øvinga byrja, trudde vestlege militære analytikarar og offisielle talspersonar at at talet på soldatar og tryggingspersonell ville verte opptil 100.000, noko som ville vore den største militærøvinga sidan den kalde krigen.[3] Etter å ha observert militærøvinga, kom vestlege analytikarar til eit estimat som låg nær det offisielle talet[4][1]. Ein svensk observatør, Thomas Møller, tykte at talet på soldatar under øvinga låg nær 13000[5]

Navnet på øvinga, betyr "Vest-2017".

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Slike felles strategiske øvingar skal verta haldne kvart andre år i høve ein avtale mellom presidentane i Russland og Kviterussland av 29. september 2009.[6]

Føremålet med militærøvinga er å finne ut om Kviterussland og Russland har evne til å slå tilbake eit angrep frå vest, men òg å øva koordinasjon- og kontrollelementa i dei to landa. Observatørar til øvinga vart i midten av juli inviterte frå NATO og alle nabolanda (inkludert Noreg) av både Russland og Kviterussland.[7]  

Den 13. juli 2017, på Russland-NATO-rådsmøtet, heldt representantane for Forsvarsdepartementet i Russland ei orientering for å gje informasjon om militærøvinga" Zapad-2017": oppgåvene, skotfelt, krefter og middel, mengd personell og hovudvåpen samt materiellsystem. Ei tilsvarande orientering vil haldast på OSSE-møtet. Før øvingane vil ein halda ein utvida orientering i Moskva. Den 12. juli i Austerrike innom rama av OSSE Forum for tryggleikssamarbeid, gjennomførte Pavel Muravejko, assisterande sjef for Forsvarsstaben av Kviterussland, ei orientering om militærøvinga  "Zapad -2017". Dette for å hindra spekulasjon og grunnlause skuldingar mot dei kommande øvingane.

Scenario[endre | endre wikiteksten]

Øvingssscenario i Vejsjnoria

Scenarioet for øvinga er at tre aggressive land: Vejsjnorija, Vesbarija og Lubenija angrip Kviterussland. Vejsjnoria held til i den vestre delen av Kviterussland, medan Vesbarija held til i Latvia og Litauen. Lubenija har utgangspunkt i Polen og Litauen[8]

Sammensetning av styrkar og organisasjonsmessige særtrekk[endre | endre wikiteksten]

Militærøvinga vil føregå i to trinn i Den russiske føderasjonen og Republikken Kviterussland. Til Kviterussland kjem omkring tre tusen soldatar av Russlands Forsvar.[9]

I "Zapad -2017" deltek styrkar og midlar frå Vestre militærdistrikt. Støtte for bakkestyrkar vil verta utførte med meir enn 25 fly frå Russlands Luftforsvar, Kviterusslands Luftforsvar og Luftvern. Ein vil bruka 680 militære kjøretøy. Forsvarsdepartementet i Russland har bestilt 4162 jernbanevogner for å transportera personell og materiell. I Kviterussland vil praktiske handlingar av militærøvinga "Zapad -2017" verta gjennomførte på seks skotfelt: Lepelskij, Borisovskij, Losvido, Osipovicheskij, Ruzhanskij, Domanovskij og i nærleiken av landsbyen Dretun.

Internasjonal reaksjon før militærøvinga[endre | endre wikiteksten]

Under førebuingane til militærøvinga, kritiserte den militær-politiske leiinga av NATOs medlemsstatar og andre europeiske land den kviterussiske-russiske øvinga. NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg stilte krav til å gjera den kommande militærøvinga så open som mogleg, i samsvar med Wien-avtalen.[10].

Litauens president Dalia Grybauskaitė uttrykte at den kommande militærøvinga er provoserande, og viser at intensjonen i Russland og Kviterussland er å utløysa ein open konflikt med NATO.

"Vi forventar med angst militærøvinga "Zapad -2017", der kraftsamlast mange aggressive styrkar. Det er ein demonstrativ førebuing til krig mot Vesten."[11]

Sjefen for Ukrainas nasjonale sikkerhetsråd, Oleksandr Turtsjynov, Polens forsvarsminister Antoni Macierewicz og Litauens forsvarsminister Raimundas Karoblis skulda Russland og Kviterussland at dei har føremål til å okkupera ein del av territoriet til Polen og Litauen i Suwalki-området.

Speaker i Ukrainas Verkhovna Rada Andriy Paruby sa at styrkar kan trenge inn i Ukraina for å gjennomføra sabotasjeverksemd.

Russiske og kviterussiske leiarar vurderer utsegnene frå representantar for vestleg leiarskap upassande. Ifølgje utsegna frå Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu er militærøvinga "Zapad -2017" ein planlagd aktivitet av defensiv karakter.[12]

"Dette arrangementet vert halde kvart anna år i samsvar med felles beslutning av Russlands og Kviterusslands presidentar, og har reint defensiv karakter."

Pressetalsmann i det kviterussiske utenriksdepartementet, Dmitry Mironchik, stadfestar at militærøvinga «Zapad-2017» ikkje har offensive føremål.

"Offisielt og på eit høgt nivå vart OTSE-statane informert om planar og scenario av militærøvinga, dei viktigaste måla og oppgåver, stadar, personell og materiell som vil delta i øvinga. På OSSE-møtet vart det understreka nok ein gong at "Zapad -2017"-øvinga har defensiv karakter."

Ein uttrykkjer òg fleire gonger at kommande øvingar er opne for internasjonale observatørar. President i Kviterussland Aleksander Lukasjenko sa følgjande

"Vi vil ikkje skjula noko og må ikkje skjula. Viss NATO-medlemmar ynskjer å vera til steda på militærøvinga vår, hjerteleg velkomen."

Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu

"Som det føreset internasjonale avtaler, kjem partnarane våra til å få meir detaljert informasjon om denne øvinga gjennom både diplomatiske kanalar og media."

Kviterusslands utanriksminister Vladimir Makei

"Eg ynskjer å understreka igjen at øvinga vil vera maksimal transparente og opna for observasjon."

Den russiske viseforsvarsministeren Aleksander Fomin stadfesta beredskap til å invitera internasjonale observatørar til militærøvinga "Zapad-2017".

"Snart skal vi samla og erklæra, "- svara viseforsvarsministeren på spørsmålet av nyhendebyrået Interfax om når ein skal senda observatørar, blant anna frå NATO-land, invitasjonar til militærøvinga.

Protestar[endre | endre wikiteksten]

Den 8. september vart det i Minsk aksjoner mot øvinga Zapad-2017 med omlag 400 demonstrantar med slagordet "Det er vårt land - ikkje plass til russarar" (Russisk: «Эта страна наша, здесь не будет Раша!»)[13].

Gjennomføring av øvinga[endre | endre wikiteksten]

Den øvste leiaren for dei væpna styrkane i Russland Vladimir Putin ser på øvinga i Luga-området den 18. september 2017.

Øvinga vart gjennomført i to etappar i Russland og Kviterussland.
1. etappe: — sluttføre førebuing av styrkane til "isloasjon av områder der illegale væpna styrkar med sabotasjegrupper finns, og styrke eige fly- og luftforsvar for å verne viktige militære og sivile installasjoner".
2. etappe: — "bearbeide spørsmål om leiing av eigne styrkar for å avvise aggresjon mot unionen av Kviterussland og Russland".

Til Kviterussland kom omlag 3000 soldater frå Russland. 12700 soldatar deltok i øvinga, og av desse var 10200 i Kviterussland. Forutan soldatar frå Forsvarsdepartementet, var det òg mannskap frå Innenriksstyrkane, Nasjonalgarden, FSB og Kriseministeriet. Det var fremst styrkar frå Vestre militærdistrikt, som 1. stridsvognarmé, 11. armékorps, 6. kombinerte armé, 20. kombinerte armé og Austersjøflåten samt tre einingar frå luftlandestyrkane som deltok[14].

Jamming av GPS-signal[endre | endre wikiteksten]

På norsk side vart det ein del merksemd omkring at jamming av GPS truleg vart spelt inn som eit øvingsmoment, fordi jamminga òg vart registrert på norsk side[15][16][17][18].

Bakke-til-bakke-missiler i Petsjenga[endre | endre wikiteksten]

Under øvinga vart det overført einingar av Iskander-missil til Petsjenga nær norskegrensa.[19]

Analyser etter øvinga[endre | endre wikiteksten]

Vestlege analyser etter øvinga har konkludert med at kalkylar føre øvinga for talet på soldatar[20] som dei trudde ville delta i øvinga var feil, og at Russland og Kviterussland har heldt seg til små, avgrensa militærdrillar som var lette å kontrollere. Mathieu Boulègue hjå Chatham House skreiv: ″Kreml kunne difor med ei viss tyngde hevda at "Vesten" overreagerte og vart offer for skremselspropaganda. Dei rapporterte òg rykte om at Moskva ikkje var opne eller transparente omkring øvinga sine intensjonar"[21][22] Tankesmia CNA tala om bakrus i høve enkelte vestlege spådommar føre øvinga [23][24]. Russland meiner at ein ikkje kan rekna all militær aktivitet innan Russland sitt landområde eller havområda utanfor på den tida øvinga fann stad, som del av Militærøvinga Zapad-2017[25]. Nettstaden Aldrimer.no meinte òg å kunne lesa at Russland øvde på å invadere Svalbard som del av denne militærøvinga[26], og at Etterretningstenesta ikkje hadde nok kontroll over kva som hende under øvinga[27]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pence in Estonia to ease Russia fears in Baltic region». Mail Online. Henta 6. august 2017. 
  2. Russia’s biggest war game in Europe since the cold war alarms NATO The Economist, 10 August 2017.
  3. http://www.nbcnews.com/news/world/russia-plans-huge-zapad-2017-military-exercises-belarus-n788741 Russia Plans Huge Zapad 2017 Military Exercises With Belarus] NBC NEWS, 2 August 2017.
  4. Five Things to Know About the Zapad-2017 Military Exercise Chatham House, 25 September 2017
  5. http://www.dw.com/en/zapad-2017-normal-military-business/a-40710010
  6. http://kremlin.ru/events/president/news/5612
  7. https://www.belnovosti.by/politika/lukashenko-priglasil-amerikanskuyu-delegaciyu-obse-na-ucheniya-zapad-2017
  8. http://www.bbc.com/russian/news-41113633
  9. «Глава Минобороны Белоруссии: учение "Запад-2017" не направлено против третьих стран». ТАСС (på russisk). Henta 6. august 2017. 
  10. Angst vor Russlands "grünen Männchen"
  11. Oliphant, Vickiie (12. februar 2017). «‘Preparing for WAR with the West' Lithuania fears Putin planning to invade Baltic states». Express.co.uk (på engelsk). Henta 6. august 2017. 
  12. «Глава военного ведомства России генерал армии Сергей Шойгу провел в Калининграде выездное заседание Коллегии Министерства обороны : Министерство обороны Российской Федерации». Henta 6. august 2017. 
  13. У Мінску праходзіць акцыя супраць вучэнняў «Захад-2017» ВІДЭААНЛАЙН // Наша ніва Mal:Ref-be
  14. https://russian.rt.com/inotv/2017-09-26/National-Interest-dazhe-posle-Zapada-2017
  15. https://www.nrk.no/finnmark/e-tjenesten-bekrefter_-russerne-jammet-gps-signaler-bevisst-1.13721504
  16. http://www.thedrive.com/the-war-zone/15194/russia-jammed-phones-and-gps-in-northern-europe-during-massive-military-drills
  17. https://thebarentsobserver.com/en/node/3327
  18. https://www.aldrimer.no/gps-stoy-fra-russland-forstyrret-norske-rutefly/
  19. https://www.aftenposten.no/norge/i/P3e3RR/Russland-simulerte-tre-flyangrep--norske-fly-klarte-ikke-a-henge-med. «Under den store øvelsen «Zapad» som Russland avholdt i fjor, ble det nokså nye missilsystemet Iskander flyttet til Petsjengadalen, mindre enn 40 km fra Storskog og rundt 15 kilometer fra Korpfjell. Iskander har en rekkevidde på rundt 500 kilometer.» 
  20. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/russland/e-tjenesten-venter-russisk-giga-oevelse/a/24131762/
  21. https://www.chathamhouse.org/expert/comment/five-things-know-about-zapad-2017-military-exercise
  22. http://www.independent.co.uk/voices/russia-zapad-2017-putin-west-fake-news-us-world-war-three-ukraine-belarus-nato-a7961856.html
  23. https://russianmilitaryanalysis.wordpress.com/2017/09/23/zapad-watch-summary-of-post-exercise-exercises-the-zapad-hangover/
  24. http://eng.belta.by/society/view/swedish-observer-praises-smooth-organization-of-zapad-2017-army-exercise-in-belarus-105119-2017/
  25. http://www.newsweek.com/how-russia-got-away-masking-war-game-more-40000-troops-676315
  26. https://www.aldrimer.no/russland-trente-pa-invasjon-av-svalbard/
  27. https://www.aldrimer.no/krisemoter-etter-norsk-totalkollaps/