Militær pioner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pioner i militær forstand er ein infanterist med ein viss grad av ingeniøropplæring. Pionerar vert brukte til å byggja feltstillingar og skyttergraver, rydde hindringer for stridsvogner og til å lette ingeniøroppgåver som grøftegraving, teltreising, latrinebygging og snekring.[1] Tidlegare hadde pioneren òg ansvar for å handtera flammekastarar. I den britiske hæren gjer mange av pionerane teneste som trommeslagarar.

Ordet «pioner» stammar frå eldre fransk pionnier, som tyder 'fotsoldat', med same rot som ordet peon.[2] Peon er igjen avleidd av pedn-, som på seinlatin viser til 'ein som har breie føter'. Som militær term finn ein «pioner» heilt attende til 1600-talet.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bull, S. (2014). Trench : a history of trench warfare on the western front. [S.l.]: Random House. s. 36-39. ISBN 978-1472801326. 
  2. «Online Etymology Dictionary». etymonline.com. 2013. Henta 16. september 2013. 
  3. Pioneer Etymology online dictionary