Militærreserve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein militær reservestyrke er ein militær organisasjon som består av militært deltidspersonell, og nokre sivile som er i stand til militær strid ved mobilisering til krig eller forsvar mot fiendtleg invasjon.[1] Organisasjonen kan òg bestå av materiell, transportmiddel og forsyningar.[2] Reservestyrken er generelt ikkje rekna som ein del av dei ståande militære styrkane. Eksistensen av ein reservestyrke tillèt nasjonar å redusere sin militære styrke i fredstid og samstundes ha ein styrke klar i tilfelle krig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Militærvesen». Bygdebok For Tydal. Henta 15. september 2018. 
  2. «Reserve: militærvesen». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 15. september 2018.