Militært forsvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forsvar er i militær samanheng ei av dei tre hovudstridsformene, der dei andre er åtak og opphaldande strid. Forsvaret kan òg vera ei nemning på heile militæret og eventuelt sivilforsvaret i eit land.

Ein bruker forsvarsstrid når ein vil stoppa fienden i eller halda han ute frå eit visst område. Forsvar er til dømes nødvendig når ein ikkje har nok styrkar til åtak.

Forsvar i ulike land[endre | endre wikiteksten]

Det norske forsvaret omfattar til dømes dei fire militære greinene i landet, medan Det japanske forsvaret består av sjølvforsvarstyrkar som har sivil status. Det sveitsiske forsvaret er sett saman av milits- og militære styrkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.