Miljøprogrammet til SN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miljøprogrammet til SNUnited Nations Environmental Programme (UNEP) – koordinerer miljøaktivitetane til Dei sameinte nasjonane, støttar utviklingsland i å innføre miljøvennleg politikk og oppfordrar til berekraftig utvikling gjennom sunne miljøvennlege tiltak. Miljøprogrammet til SN vart etablert som eit resultat av Dei sameinte nasjonane sin konferanse om det menneskelege miljøet i 1973 og hovudkvarteret er i Gigiri i Nairobi i Kenya. Miljøprgrammet har òg seks regionale kontor, og mange land-kontorer.

Miljøprogrammet har ei eiga avdeling i Noreg, UNEP/GRID-Arendal.

Kvart år gjev UNEP ut ei eiga årbok.

Miljørapport GEO[endre | endre wikiteksten]

Saman med Verdas meteorologiorganisasjon etablerte Miljøprogrammet Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) i 1988.

GEO står for global environmental outlook og er ein rapport som kjem ut kvart femte år. Noreg har vore ein viktig finasiell bidragsytar til desse rapportane. GEO4-rapporten vart presentert i Noreg 25. oktober 2007. Rapporten kjem ut kvart femte år og vert rekna som det viktigaste internasjonale oppslagsverket om miljøspørsmål. GEO5 kom ut i 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]