Miljøvennleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miljøvennleg er nemninga på slike tiltak som tek særskild omsyn til naturen ved ikkje å skade eller forureine, eller som betrar livstilhøva for menneske, dyr og planter ved å take vare på mangfoldet i naturen. Ofte vert omgrepet miljøvennlig òg nytta om tiltak eller verksemder som skadar naturen mindre enn det som elles er vanleg. Til dømes vert bilar omtala som miljøvennlege dersom utslippa av skadelege avgassar er låge i høve til det som elles er eller har vore det vanlege.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.