Miljøvettreglane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miljøvettreglane er sju råd frå DNT Ung i samarbeid med Protect Our Winters (POW) om korleis ein kan ta vare på miljøet når ein er på tur i friluft. Føremålet med reglane er opplysning om korleis ein kan gjere gunstige miljøval når ein er på tur og bidra til å ta vare på naturen for framtidige generasjonar.[1]

Miljøvettreglane er skrivne med bakgrunn i Fjellvettreglane, og vart lanserte 4. juni 2016.[2]

Miljøvettreglane[endre | endre wikiteksten]

  1. Reis mindre, opplev meir.[2]
  2. Sats på opplevingar, ikkje utstyr.[2]
  3. Fiks alt, alltid.[2]
  4. Et grønt.[2]
  5. Samkøyring er bra køyring.[2]
  6. Ver rusta mot uventa søppel.[2]
  7. Vis veg. Ver eit klimaførebilete.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]