Milky White Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Milky White Way» er ein gospelsong skriven av Landers Coleman, som var songar i ein kvartett. Songen selde over ein million eksemplar i 1947 då CBS Trumpeteers, ein svart kvartett frå Baltimore, spelte inn songen. Seint i 1940-åra hadde CBS Trumpeteers eit populært morgonshow på radio og «Milky White Way» var kjenningsmelodien deira. Elvis Presley spelte inn ein versjon av songen i slutten av oktober 1960 og gav han ut på albumet His Hand in Mine.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wolfe, Charles (1994). Elvis Presley Amazing Grace His Greatest Sacred Performances. Page 16: RCA-BMG. s. 32. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]