Miller Bluffs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miller Bluffs
klippe
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 77°35′S 85°45′W / 77.583°S 85.750°W / -77.583; -85.750
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Miller Bluffs
77°35′00″S 85°45′00″W / 77.5833°S 85.75°W / -77.5833; -85.75
Miller Bluffs is located in Antarktis
Miller Bluffs (Antarktis)

Miller Bluffs er ei linje med bratte, austvendte skrentar kring 28 km lange som strekkjer seg vest-nordvest frå munningen av Newcomerbreen i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Nordenden av skrentane vart fotografert av Lincoln Ellsworth på den transantarktiske flyturen hans den 23. november 1935. Klippene vart kartlagte av US Geological Survey (USGS) i 1961 frå flyfoto tekne av U.S. Navy-skvadron VX-6 i 1959. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter George P. Miller, tidlegare styreleiar i House Science and Astronautics Committee, som interesserte seg i Antarktis og var med på å sikre at USA gjennomførte forsking på kontinentet i perioden 1958-72.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Miller Bluffs» (innhald frå Geographic Names Information System).