Milleritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milleritt
Millerite-Quartz-232902.jpg
Milleritt nåler i ein kvartsgeode. Lokalitet: Halls Gap i Lincoln County i Kentucky. Storleik: 4.0 x 3.5 x 3.0 cm
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelNiS
Strunz-klassifisering02.CC.20
KrystallsymmetriTrigonal 32/m
Einingscellea = 9.607 Å, c = 3.143 Å; Z=9
Identifikasjon
Fargebleik messinggul til bronsegul, matt til iridescerande
KrystallformTypisk nålforma (nåleliknande) ofte i utstrålande strekar - òg massive
KrystallsystemTrigonal heksagonal skalenoeder
Kløyvperfekt på {1011} og {0112} - uklår på typisk form
BrotUjamn
FastleikSprø; hårfine krystallar elastisk
Mohs hardleiksskala3 - 3.5
GlansMetallisk
Strekfargegrønaktig svart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt5.3 - 5.5
Andre eigenskaparsprø og vert magnetisk ved oppvarming
Kjelder[1][2][3][4]

Milleritt er eit nikkelhaldig mineral med kjemisk samansetjing NiS. Det har messinggul farge og metallglans. Mineralet vert danna ved låg temperatur, dels som hårfine fibrar på holrom, dels sekundært etter andre nikkelmineral.

Det er påvist i små mengder ved fleire norske lokalitetar, til dømes ved Flåt nikkelgruver i Evje. Milleritt er funne som fibrar i holrom ved Valberg hyperittbrot ved Kragerø.

Milleritt vart oppdaga av Wilhelm Haidinger i 1845 i kolgruver i Wales. Det vart kalla opp etter den britiske mineralogen William Hallowes Miller. Mineralet er ganske sjeldan i prøveform og er vanlegasat i Halls Gap-området i Lincoln County i Kentucky i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/millerite.pdf Handbook of Mineralogi
  2. http://www.mindat.org/min-2711.html Mindat
  3. http://webmineral.com/data/Millerite.shtml Webmineral
  4. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., s. 279-280, ISBN 0-471-80580-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]