Millie Kirkham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millie Kirkham
Fødd24. juni 1923
FødestadHermitage
Død14. desember 2014 (91 år)
DødsstadNashville
OpphavUSA
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar

Millie Kirkham (fødd 24. juni 1923 som Mildred Eakes, daud 14. desember 2014) var ein USA-amerikansk songar som song på mange hitinnspelingar frå midten av 1950-åra til ut i 1980-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kirkham var kjend som «Nashville-sopranen» på mange hitsongar og vart ofte rekna som eit femte medlem av The Jordanaires. Ho arbeidde med Patsy Cline, Roy Orbison, Brenda Lee, Eddie Arnold, Elvis Presley og George JonesHe Stopped Loving Her Today»).

Kirkham vart først kjend i 1957 på Ferlin Husky- hitten «Gone», der ho song harmonivokal. Elvis Presley ønskte etter dette å ha ho med på innspelingane sine, og ho deltok på Elvis Presley sin versjon av «Blue Christmas». For Presley song ho på innspelingar som «My Wish Came True», «The Wonder Of You», «Surrender», «How Great Thou Art», «Polk Salad Annie», «Bridge Over Troubled Water», «Don't», «Just Pretend», «(You're The) Devil in Disguise», «C.C. Rider» og mange andre.

I februar 2008 stod ho på scenen i «Nashville celebrates Elvis at the Ryman» i lag med George Klein (Emcee), Pat Boone, David Briggs, Vince Gill, Amy Grant, Wanda Jackson, Wynonna Judd, Ray Walker frå Jordanaires, Ronnie McDowell, TG Sheppard, BJ Thomas og tidlegare medlemmar frå J.D. Sumner & the Stamps.

Delvis diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Song Artist
1956 Gone Ferlin Husky
1957 Blue Christmas Elvis Presley
1957 My Wish Came True Elvis Presley
1958 Anna Marie Jim Reeves
1960 I'm Sorry Brenda Lee
1960 Poetry In Motion Johnny Tillotson
1962 Back In Baby's Arms Patsy Cline
1963 Pretty Woman Roy Orbison
1969 Running Bear Sonny James
1980 He Stopped Loving Her Today George Jones

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]