Million Wolde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Million Wolde
Statsborgarskap Etiopia
Fødd 17. mars 1979
Addis Abeba
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Million Wolde (fødd 17. mars 1979) er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 5 000 meter i 2000 og VM-sølv på same distansen i 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vart Wolde juniorverdsmeister på 5 000 meter i Annecy i Frankrike og i 8 km terrengløp i Cape Town i Sør-Afrika. Han sette i august sin endelege personlege rekord på 5 000 m med tida 12.59,3 i eit stemne i Zürich. Året etter vart han åttandemann på 5 000-meteren i Friidretts-VM 1999 i Sevilla.

Høgdepunktet i Wolde si karriere kom under sommarleikane 2000 i Sydney. 5 000-meterløpet gjekk for ein stor del i eit moderat tempo, så då Wolde stakk i tet på 200 m før i mål greidde han lett halde unna for resten av feltet og tok gullet på tida 13.35,4, eit lite sekund framom sølvvinnar Ali Saïdi-Sief frå Algerie og Brahim Lahlafi frå Marokko på bronseplass.

Ved verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton i Canada var Wolde ute av stand til å fylgje Richard Limo, då den unge kenyanaren avslutta med ei råsterk sisterunde på 5 000-meteren. Wolde hadde derimot ingen vanskar med å sikre seg sølvmedaljen i tvelinga.

Sidan var Wolde skadeplaga og fekk ikkje fleire meisterskapsoppgåver for Etiopia, men var likevel aktiv i mange år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1997 i Aten: Utslått i forsøka på 3 000 m hinder (8.32,7 =nr 26)
  • VM 1999 i Sevilla: Nr 8 på 5 000 m – 13.20,8
  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 5 000 m – 13.35,4, framom Ali Saïdi-Sief (13.36,2)
  • VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.03,4, bakom Richard Limo (13.00,7)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]