Milo Đukanović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milo Đukanović
Milo Đukanović.jpg
Fødd 15. februar 1962
Nikšić
Yrke politikar
Verv Statsminister i Montenegro
Periode 1991-1998
Føregangar Radoje Kontić
Etterfylgjar Filip Vujanović
Verv Statsminister i Montenegro
Periode 2003-2006
Føregangar Filip Vujanović
Etterfylgjar Željko Šturanović
Verv Statsminister i Montenegro
Periode 2008-2010
Føregangar Željko Šturanović
Etterfylgjar Igor Lukšić
Verv Statsminister i Montenegro
Periode 2012-2016
Føregangar Igor Lukšić
Etterfylgjar Duško Marković
Verv President i Montenegro
Periode 1998-2002
Føregangar Momir Bulatović
Etterfylgjar Filip Vujanović
Milo Đukanović på Commons

Milo Đukanović (fødd 15. februar 1962 i Nikšić) er ein montenegrinsk politikar og president i Montenegro. Han var statsminister i Montenegro frå februar 1991 til februar 1998, 2003 til 2006 og februar 2008 til desember 2010, og frå 2012 til 2016. Han var president i Montenegro frå januar 1998 til november 2002 og igjen frå mai 2018.

Đukanović var ein sterk forkjempar for sjølvstende for Montenegro, noko han oppnådde i juni 2006. I november same året gjekk han av som statsminister, sjølv om partiet hans nettopp hadde vunne parlamentsvalet. Han erklærte at han hadde fått nok av politikk, og ville prøva seg som forretningsmann. 31. januar 2008 gjekk etterfylgjaren hans, Željko Šturanović, av av helsegrunnar, og Đukanović kom tilbake som statsminister for ein tredje periode.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.