Milvus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milvus
Milvus migrans front(ThKraft).jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Milvus
Lacépède, 1799

Milvus er ei biologisk slekt av rovfuglar i haukefamilien, Accipitridae, som lever i «den gamle verda».

Slekta inneheld tre artar, desse er arten glente (Milvus milvus), som lever nesten utelukkande i Europa, svartglente (Milvus migrans), som har utbreiing over store delar av Europa, Asia og Australia, og gulnebbglente (Milvus aegyptius), som høyrer heime i Afrika. Ein populasjon på Kapp Verde (Milvus fasciicauda eller Milvus milvus fasciicauda), har ein uklår status i taksonomien.

Milvus-glentar er mellomstore rovfuglar med lange, djupt fingra venger, vinkla i karpalfugen når dei er i flukt. Den merkbart lange halen er litt kileforma hos svartglente og sterkt kileforma hos arten glente. Glenteartane syner sterke flygeeigenskapar under jakt og sveveflyging. Dei er brunvorne i farga, hovudet er lyst, nokon gangar nesten kvitt. Glentar et både levande byttedyr og åtsel. Nominatforma av svartglenten viser ei særskild interesse for fisk. Migrasjonsstrategiane til både svartglentar og glentar er varierande, dei kan gjere langdistansetrekk, vere kortdistansetrekkfuglar så vel som standfuglar. Gulnebbglentar er for det meste kortdistansetrekkfuglar, eller lever som streiffuglar utanfor hekkesesongen.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

  • Glente, Milvus milvus, Red Kite, (Linnaeus, 1758), (LC)
Utbreiing i Europa[1]
  • Svartglente, Milvus migrans, Black Kite, (Boddaert, 1783), (LC)
Utbreiing i Nordvest-Afrika, i Europa sør og aust for Storbritannia og Fennoskandia, Asia nordaust til Okhotskhavet, og sør via Ny-Guinea til store delar av det australske kontinentet.[2]
  • Gulnebbglente, Milvus aegyptius, Yellow-billed Kite, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Utbreiing i Afrika sør for Sahara, raudehavskysten, delar av Sudan og Egypt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2021) Species factsheet: Milvus milvus. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. mai 2021
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Milvus migrans. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. mai 2021
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Milvus aegyptius. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. mai 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Milvus