Mime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odin finn kroppen til Mime utan hovud. Bokillustrasjon frå ei svensk utgåve av Den eldre Edda frå 1893.
Odin drikk av brønnen til Mime for å vinna kunnskap. Adolf Lange, 1903

Mime (norrønt Mímir) er ein av jotnane eller æsene i norrøn mytologi, og blei rekna som den klokaste av alle. Han vakta kunnskapsbrønnen, Mimes brønn, som ligg under ei av røtene til verdstreet Yggdrasil. Mime er òg framstilt som eit norrønt motstykke til orakelet til gresk mytologi når det avskorne hovudet hans blir omtalt som rådgjevaren til Odin.

Ås eller jotun?[endre | endre wikiteksten]

Kjeldene gjev ikkje noko klart svar på om Mime er ein ås eller ein jotun. I si bok Norrøn mytologi skriv forfattaren Idar Lind: «Mime. Ås eller jotun som bur ved Mimesbrønnen, under Yggdrasil.»[1] Hilda Ellis Davidson i Nordisk mytologi omtalar Mime som ein gud.[2]

Det er spekulert i Mime si avstamming på bakgrunn av eit sitat i Håvamål: «Nie tryllesongar fekk eg, av den fræge son til Bolthorn, far til Bestla; og drikke eg fekk av den dyre mjøden, aust opp av Odrere.» Ei tolking av dette kan vera at Mime er son av Bolthorn, og han blir dermed bror til Bestla (mor til Odin) og dermed onkelen til Odin. Bolthorn er ein jotun, og teorien om den moglege jotun-avstamninga til Mime kjem herfrå.

Sjølv om Mime kunne reknast til jotnane hadde han høg respekt blant æsene på grunn av visdommen sin og stillinga som vaktar av kunnskapsbrønnen. Kjeldene seier ikkje noko om stridar mellom Mime og æsene slik dei elles fortel om kampar mellom æsene og andre jotnar.

Mime i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Mime er kjend gjennom enkelte omtaler i norrønt kjeldematerial, først og fremst i Den eldre Edda og i Ynglingesoga av Snorre. Han blir omtalt i kjeldene i tre roller:

Vaktaren av kunnskapsbrønnen[endre | endre wikiteksten]

Mime blir omtalt som ein klok mann, den visaste blant gudane, og klokskapen hans kjem av at han vaktar kunnskapsbrønnen og drikk av han kvar dag. Odin har òg drukke av denne brønnen og fått visdom, men for å få det måtte han gje frå seg det eine auget sitte. Dette auget blir omtalt i kjeldene som Valfaders pant.[3]

Gissel i striden mellom vaner og æser[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen mellom æsene og vanene blei partane samde om å utveksla gislar. Vanene utleverte Njord og Frøy som gislar til æsene. Æsene gav frå seg Høne og Mime. Vanene blei etter kvart misnøgde med gislane dei fekk frå æsene – særleg med Høne, som etter anbefaling frå æsene var blitt utnemnd til høvding, og dei hemna seg med å hogga hovudet av Mime og senda det tilbake til æsene.

Mime sitt hovud som orakel[endre | endre wikiteksten]

Odin tok vare på hovudet til Mime då dei fekk det tilbake frå vanene. Han preparerte det med urter for at det ikkje skulle rotna, og gav det trolldomskraft slik at det fekk status som orakel eller rådgjevar hjå Odin. Odin spør hovudet til Mime til råds når ragnarok finn stad.

Kjeldelitteratur om Mime[endre | endre wikiteksten]

Mime er ikkje mykje omtalt i kjeldeskriftene for den norrøne mytologien. Dei viktigaste stadane han blir omtalt er i Voluspå i Den eldre Edda (Den poetiske Edda) og i Ynglingesoga.

Voluspå[endre | endre wikiteksten]

Visdomen til Mime kjem av at han drikk av kunnskapsbrønnen kvar dag av hornet Gjallarhorn. Gjallarhorn er òg nemnt som det hornet guden Heimdall blæs i for å varsla undergangen i verda – ragnarok. Odin har òg fått drikka av brønnen, men for å få lov til dette måtte han først setja det eine auget sitt i pant. Han er sidan alltid omtalt som den einaude.

Alt veit eg, Odin,
kvar du auga hev løynt
i den mæte
Mimesbrunnen.
Mjød drikk Mime
morgon kvar ein
av Valfaders pant.
Veit de nok, eller kva?

Mime er òg nemnd mot slutten av Voluspå når Odin rir til Mimesbrønnen og spør Mime til råds når Ragnarok byrjar.

Høgt blæs Heimdall,
set horn til vers,
mæler Odin
med Mimes hovud

Begge desse omtalene av Mime finn ein òg i Snorre Sturlasson si Gylfaginning.[4]

Ynglingesoga og krigen mellom æser og vaner[endre | endre wikiteksten]

Mime blei send av æsene som gissel til vanene saman med guden Høne etter vanekrigen. Snorre skriv om dette i Ynglingesoga: «Odin for med en hær mot vanene; men de sto seg godt mot ham og verget landet sitt; det skiftet med seier for dem, de herjet landet for hverandre og gjorde skade. Da begge parter ble lei dette, stevnte de hverandre til forlik, og ga hverandre gisler. Vanene ga sine gjeveste menn, det var Njord den rike og sønnen hans, Frøy; æsene ga derimot en mann som het Høne, og sa at han høvde så godt til å være høvding, han var stor og en meget vakker mann; med ham sendte æsene en som het Mime, en merkelig klok mann, og vanene ga derimot den viseste mann i sin flokk, han het Kvase. Da Høne kom til Vanaheim, ble han straks gjort til høvding; Mime gav ham råd i alt. Om Høne var på ting eller stevner og Mime ikke var med ham, og det kom vanskelige saker opp, svarte han alltid det samme: «De andre får rå». Da gikk det opp for vanene at æsene nok hadde sveket dem i mannebyttet. Så tok de Mime og hogg hodet av ham og sendte det til æsene. Odin tok hodet og smurte det med urter slik at det ikke kunne råtne, kvad så galdrer over det og ga det slik kraft at det talte med ham og sa ham mange skjulte ting.»[5]

Sigerdrivemål[endre | endre wikiteksten]

Sigerdrivemål er eit av heltedikta i Den eldre Edda. Her blir det hevda at Mime ikkje berre har stor visdom, men òg er runekunnig. Det blir òg gjenteke at det berre var hovudet til Mime som levde vidare:

På berget stod han
med Brimes sverd
på hovud hjelm kvilde;
då Mims hovud
mælte vise ord
og sagde sanne bod.

Fjolsvinnsmål[endre | endre wikiteksten]

Eddadiktet Fjolsvinnsmål har ein referanse til det som ein går ut frå er verdstreet Yggdrasil, der treet blir kalla Mimes tre. Brønnen til Mime ligg under Yggdrasil:

Vindkald kvad.
«Sig du mig, Fjolsvinn!
hvad jeg fritte vil
og vel jeg vide gad:
hvad det træ er nevnt,
som trindt breder
grener om al den jord?»
Fjolsvinn kvad.
Mímameid nevnt,
men mand ei véd,
af hvad rod det rundet er;
falder for det,
som færrest tror;
felder ei ild det, ei jern.

Hrafnagaldur Óðins[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne diktet Hrafnagaldur Óðins nemner òg Mime og brønnen hans.

Stendur æva Earth and Sun
strind né röðull, cannot stand firm;
lofti með lævi malignant winds
linnir ei straumi; do nót cease;
mærum dylst hidden in the glorious
í Mími sin brunni well of Mímir
vissa vera; lies all knowledge;
vitið enn, eða hvað? know ye yet, or what?[6]

Opphavet til dette diktet er omstridd. Historikaren Sophus Bugge hevda det var skrive så seint som på 1600-talet, medan andre (Annette Lassen) har tidfesta det til mellomalderen.

Tolkingar av rolla til Mime i tilhøve til andre mytologiar[endre | endre wikiteksten]

Motivet med ei ånd eller guddom som vaktar og byr fram livgjevande eller kunnskapsgjevande drikk frå ei kjelde er kjend frå andre primitive mytologiar. I boka «Edda i aust» av Arnt Løftingsmo viser han blant anna til den finske religionshistorikaren Uno Harva som har påvist motivet i både egyptisk mytologi og russiske sjamanistiske kultar.[7]

Den finske folkloristikk-professoren Kaarle Krohn har ifølgje den same boka påvist likskap mellom hovudskalle-ritusen som Odin gjennomførte med hovudet til Mime og sjamanistiske religionar som tek vare på og gjer ære på hovudskallen til den første i ætta eller den første sjamanen. Krohn hevdar at det finst parallellar i greske segner og hjå dei paleosibirske jukagirane. Jukagirane har praktisert skikken med å spørja skallen om råd heilt opp mot moderne tid. Metoden som blir brukt kan ha vore å bruka skallen som ein slag terning og få han til å svara «ja» eller «nei».

Løftingsmo refererer òg til tyske mytologar frå 1800-talet (Wilhelm Mannhardt, Adalbert Kuhn) som hevda at valfaders pant var sola. Ernst Siecke hevda på 1900-talet at det blinde auget til Odin var månen, medan det andre auget var sola. Drikkehornet Gjallarhorn som Mime drikk av frå brønnen blir dermed eit månesymbol, og den svenske religionshistorikaren Åke Ohlmarks har hevda at også hornet til guden heimdall – det same Gjallarhorn – er månen. Løftingsmo samanliknar no denne myten med det jødiske hornet sjofar som også er eit månesymbol, og som også kan brukast både som blåseinstrument og drikkebeger.

Brønnen til Mime er òg samanlikna med det greske orakelet. I Delfi i Hellas var det ei opning i jorda som det steig gode lukter opp frå, og prestinna drakk også her av ei magisk kjelde som gav henne fullkomen spådomsevne.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst to teoriar om det etymologiske opphavet til namnet Mime:

Ei tolking er sambandet til omgrepa visdom og hukommelse, og tyder «den som hugsar».[8] Namnet er nærskyldt med det gammalengelske mimorian, latinsk memor og den indoeuropeiske ordstammen *smer-, eller *mer-.

Den andre tolkinga peikar på sambandet til det gammalnorske meima (mål) eller det anglosaksiske māmrian (grublande) og er avleidd frå det indoeuropeiske *mer- i tydinga 'den endelege, den som tapar lagnaden sin'.[9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Idar Lind: Norrøn mytologi, side 139
  2. H.R. Ellis Davidson: Nordisk mytologi, til norsk ved Odd Nordland, ISBN 82-525-1089-2, s 98
  3. Valfader er et av de navnene Odin omtales som i Grimnesmål (vers 48)
  4. Snorre Sturlasson: Den yngre Edda, kapitlene om Asken Yggdrasil og Ragnarok.
  5. Snorre Sturlasson: Ynglingesoga, kap. 4
  6. Hrafnagaldur Óðins, vers 5
  7. Arnt Løftingsmo: «Edda i aust», s 82, Harva 1922, s 65
  8. Jacob Grimm: Deutsche Mythologie. 3 Bände. 1875-78. Neuauflage: Marix, Wiesbaden 2007, ISBN 978-3-86539-143-8, Bd. 1, S. 315
  9. Gerhard Köbler: Indogermanisches Wörterbuch. 3. Auflage. 2000
  10. Åke Viktor Ström, Haralds Biezais: Germanische und Baltische Religion. Kohlhammer, Stuttgart 1975, ISBN 3-17-001157-X, S. 253 f.