Mimi Bjerkestrand
Utsjånad
Mimi Bjerkestrand | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. desember 1964 (59 år) |
Verv | Leiar for Utdanningsforbundet |
Periode | 2010–2012 |
Føregangar | Helga Hjetland |
Etterfylgjar | Ragnhild Lied |
Mimi Bjerkestrand (fødd 18. desember 1964) er ein norsk lærar og fagforeiningsperson som er rektor på Slettebakken skole i Bergen.[1] Ho var leiar for Utdanningsforbundet frå 2010 til 2012.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bjerkestrand er oppvaksen på Os. Ho blei ferdig utdanna førskulelærer i 1987 og har tatt vidareutdanning i spesialpedagogikk og påbygging til allmennlærar. Seinare har ho arbeidd som pedagogisk leiar, støttepedagog og styrar i Hammerfest, Bergen og Oslo. Ho var tillitsvald i Norsk Lærerlag og i Utdanningsforbundet i Hordaland, og leia seksjon barnehage i Utdanningsforbundet frå januar 2004. Frå 1. januar 2010 til 31. desember 2012 var ho leiar for Utdanningsforbundet.[2][3]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]I 1995 inngjekk Bjerkestrand partnarskap.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Blir ny rektor på Slettebakken – Bergensavisen
- ↑ Mimi Bjerkestrand valgt til ny leder i Utdanningsforbundet – Aftenposten
- ↑ Her er den nye lederen – barnehage.no
- ↑ - Homofili må bli en del av skolehverdagen[daud lenkje] – Gaysir
- Denne artikkelen bygger på «Mimi Bjerkestrand» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mars 2024.