Mimi Sverdrup Lunden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mimi Sverdrup Lunden

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1894
Solund kommune
Død

8. januar 1955 (60 år)

Yrke omsetjar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Edvard Sverdrup

Maria «Mimi» Sverdrup Lunden (13. juni 18948. januar 1955) var ein norsk pedagog, forfattar og omsetjar. Ho var mest kjend som freds- og kvinnesaksforkjempar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ho flytta med familien frå Solund til Kristiania i 1908 der ho i 1912 tok examen artium og adjunkteksamen i 1918. For å avhjelpa arbeidsløysa vart ho oppsagt som lærar på Kongsberg der ho budde med mannen Tallak Lunden som døydde i 1930. Så flytta ho til Kristiania og var lærar ved Vestheim skole og Hegdehaugen videregående skole for mellom andre likestillingsombod Eva Kolstad som hugsar Mimi Sverdrup Sverdrup:

«innprentet sine kvinnelige elever at piker måtte lære seg å sitte med hendene i fanget uten å gjøre noe. Ikke sy eller strikke når dere får litt ledig tid - tenk.»[1]

I hovudstaden ferdigstilte ho også ein cand.philol. ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1931. Som aktiv motstandar av fascismen leia ho Asylrettens venner og promoterte Carl von Ossietzky sitt kandidatur til Nobelprisen 1935. Etter å ha sete to gonger i Oslo kretsfengsel under den andre verdskrigen for å ha hjelpt flyktningar, var ho mot atombomba og medlemskap i NATO. I boka De frigjorte hender skisserer ho omleggjing frå naturalbasert hushaldsøkonomi til det industrialiserte samfunnet, medan boka Den Lange Arbeidsdagen tek opp den lange kampen for betre kår i kvinneyrka, retten til å behalda yrke for gifte kvinner, litt om husmorskular og abort

Far hennar var prest og professor Edvard Sverdrup (1861–1923) og ho var niese til politikaren Jakob Liv Rosted Sverdrup. Mimi sin bror var general Leif Sverdrup (1898–1976) og halvbroren hennar Harald Ulrik Sverdrup (1888–1957) vart oseanograf. Ho var søskenbarn med mellom andre forlagsdirektør Harald Grieg (1894–1972) og forfattar Nordahl Grieg (1902–43). Ho var mor til professor i slaviske språk, Siri Sverdrup Lunden (1920–2003).

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ole Johan Nilsen (22.9.1984). «På tomannshånd: Likestilling krever tid». Aftenposten. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]