Mímir Kristjánsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mimir Kristjansson)
Mímir Kristjánsson

Fødd17. august 1986 (37 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar, journalist, forfattar
SambuarSofie Marhaug
Alle verv

Mímir Kristjánsson (fødd 17. august 1986) er ein norsk politikar, journalist og forfattar frå Stavanger. Sidan 2021 har han vore stortingsrepresentant frå Rogaland for Raudt. Han har skrive ni bøker, og har i mange år arbeidd som journalist og nyhetssjef i Klassekampen. I to år frå 2019 til 2021 var Kristjansson gruppeleiar for Raudt i Stavanger bystyre. Han var leiar av Raud Ungdom i to år, og sat i sentralstyret frå 2004 til 2008. Han har også vore med i leiinga i Attac (2004–2005).

Gjennom artiklar, bøker og avisspalter har Kristjánsson over mange år på 10- og 20-talet vore ein av dei viktigaste ideologane på den radikale venstresida i Noreg.[treng kjelde]

Journalistikk og forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Som journalist jobba Kristjánsson særleg som politisk journalist. I ein artikkelserie i 2018 reiste han den same togreisa som Lenin gjorde i 1917, og skreiv historiske reiseskildringar frå Austerrike, Tyskland, Sverige, Finland og Russland.

Kristjánsson har gjeve ut ni bøker, mellom anna på forlaga Kagge og Manifest.

  • 2011: De superrike
  • 2013: Slik blir du superrik
  • 2016: Frihet, likhet, Island
  • 2018: Hva ville Gerhardsen ha gjort
  • 2018: I Lenins togspor
  • 2019: Rosa Luxemburg - en biografi
  • 2019: Mamma er trygda
  • 2020: Martin Tranmæls metode
  • 2021: Jon Michelet: En folkets helt

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kristjánsson har vore aktiv i politikken sidan tenåra, og har vore leiar i Raud Ungdom. I 2019 trekte han seg som nyheitssjef i Klassekampen på dagen, for å annonsere at han var Raudt sin førstekandidat i lokalvalget i Stavanger.[1] I 2021 vart han valt inn på Stortinget.

I ein liten periode var Kristjánsson aktiv i AUF, og på byrjinga av 00-talet var han leiar av AUF i Stavanger.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Kristjánsson er kjærast med stortingsrepresentant for Raudt frå Hordaland Sofie Marhaug.

I eit intervju med Thomas Seltzer på programmet Trygdekontoret i 2016 sa Kristjánsson at han hadde eit vanskeleg forhold til alkohol,[2] og han har stadfesta det fleire intervju i ettertid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mímir blir Rødt-topp i Stavanger» i Stavanger Aftenblad.
  2. «En hyllest til fylla» i Trygdekontoret på NRK.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]