Mimus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mimus


Chilespottefugl, Mimus thenca
Chilespottefugl, Mimus thenca

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae
Slekt: Mimus
Vitskapleg namn
Mimus
Boie, F, 1826

Mimus er ei biologisk slekt av typiske spottefuglar, Mimidae. Dette slektsnamnet er latinsk for 'mimikk'.[1] Utbreiinga er avgrensa til «den nye verda».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tropespottefugl, Mimus gilvus
Foto: Dick Culbert
Bahamasspottefugl, Mimus gundlachii
Foto: Laura Gooch
Langhalespottefugl, Mimus longicaudatus
Foto: DickDaniels
Espanolaspottefugl, Mimus macdonaldi
Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Galapagosspottefugl, Mimus parvulus
Foto: Francesco Veronesi

Dette er 14 artar med mange fellestrekk. Alle er mellom 20 og 30 centimeter i kroppslengd, mange i området rundt 25-27 cm og med kroppsvekt rundt 50-60 gram. Storleiken er om lag som storleiken på raudvengtrast, men Mimus-spottefuglar har slankare kroppsform og lengre hale. Alle medlemmar av Mimus har relativt lang hale. Den minste i lengd er kvitvengspottefugl, den største (lengste) er langhalespottefugl.

Fjørdraktene er lite iaugefallande, typisk i brunt og grått ofte litt spetta og med mørke og lyse flekker på vengene, og lysare underside enn overside. Dei fire galapagosartane er jamt over lyse med nær kvit underside, tropespottefugl har grå overside og kvit underside. Dei fleste artane har ei tydeleg mørk augestripe og har svart, nokså kort litt nedbøygd nebb, men to av artane på Galápagosøyane har lengre og meir markert nedbøygd nebb.

Denne slekta har først og fremst utbreiing i Sør-Amerika, inkludert Galápagosøyane. Faktisk er alle spottefuglar i Sør-Amerika medlem av denne slekta. I tillegg til øyendemane har tre av artane i Sør-Amerika avgrensa utbreiing, dette er chilespottefugl, endemisk til sentrale Chile, langhalespottefugl som lever i kystområde i Ecuador og Peru, og boliviaspottefugl i høgtliggande Bolivia og nordlegaste Argentina. Ein sær øyendem er den kritisk truga socorrospottefuglen på Socorro-øya, 600 kilometer vest for Mexico. Songspottefugl lever over heile Nord-Amerika med nordgrense omtrent på grensa mellom Canada og USA og sørgrense gjennom sørlege Mexico. Dessutan er han utbreidd på Dei karibiske øyane.

Endemiske til Galápagosøyane

Det finst fire artar av spottefuglar som er isolerte på øygruppa. Dei er utvikla som geografisk åtskilde artar, allopatrisk, og var tidlegare gruppert i si eiga biologiske slekt Nesomimus.[2] Artane har namna galapagosspottefugl, floreanaspottefugl, espanolaspottefugl og sancristobalspottefugl. Artsnamnet på dei tre sistnemnte indikerer utbreiinga, og alle er endemiske til kvar si øy. Artane er klassifiserte som høvesvis kritisk truga, sterkt truga og sårbar. Galapagosspottefugl har største utbreiingsområdet, han lever på alle dei andre øyane i vest og nord og er klassifisert som livskraftig av Birdlife International. Som gruppe er dei fire artane standfuglar og er trudd å vere relativt dårlege flygarar. Gruppa var viktige for Charles Darwin i utvikling av forståing av artsdanning.[3] Spottefuglane på Galápagos er mest knytt til bahamasspottefugl (Mimus gundlachii), trass nærare geografisk nærleik til langhalespottefugl på fastlandet.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Mimus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 255. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Updates & Corrections – December 2009 Page 398, Family Mimidae (Mockingbirds and Thrashers) desember 2009 Henta 11. mars 2017
  3. Hoeck, Paquita E. A.; Bollmer, Jennifer L.; Parker, Patricia G.; Keller, Lukas F. (1. mars 2010). «Differentiation with drift: a spatio-temporal genetic analysis of Galápagos mockingbird populations (Mimus spp.)». Philosophical Transactions of the Royal Society B: Biological Sciences 365 (1543): 1127. doi:10.1098/rstb.2009.0311. 
  4. Lovette, Irby J.; Arbogast, Brian S.; Curry, Robert L.; Zink, Robert M.; Botero, Carlos A.; Sullivan, John P.; Talaba, Amanda L.; Harris, Rebecca B.; Rubenstein, Dustin R.; Ricklefs, Robert E.; Bermingham, Eldredge (2012-05). «Phylogenetic relationships of the mockingbirds and thrashers (Aves: Mimidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 63 (2): 219–229. ISSN 1055-7903. doi:10.1016/j.ympev.2011.07.009. Henta 26. mars 2017. 
  5. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mimus